Ledig stilling som førstesekretær

Studieadministrasjonen, NHH (Foto: Hallvard Lyssand)

Ved NHH er det ledig ei fast 80% stilling som førstesekretær knytt til studieadministrasjonen.

17.12.2010 - Red.


Vi søkjer ein fleksibel person som kan vere ein del av den travle førstelinjetenesta vår i Infosenteret med mellom anna følgjande arbeidsoppgåver:

• Publikumsservice
• Studieadministrative arbeidsoppgåver som enkel saksbehandling og generell rettleiing
• Daglege kontor- og driftsoppgåver

For stillinga er det krav om minimum 3-årig vidaregåande skule. Manglande formell utdanning kan kompenserast med lang relevant praksis. Personar med god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og erfaring frå tilsvarande arbeid vert prioriterte.
Vidare er det krav om at ein meistrar IT i arbeidssituasjonen. Gode evner til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk er ein føresetnad.

Vi ønskjer oss ein sjølvstendig, initiativrik, effektiv og systematisk person. Stillinga inneber utstrakt kontakt med studentar, fagstab og andre medarbeidarar i administrasjonen. Ved vurdering av søkjarane vert det difor også lagt vekt på utprega serviceinnstilling og gode samarbeidsevner.

Stillinga har kode 1063 - førstesekretær og vert lønna etter statens regulativ i LR 10, ltr. 32-40, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna vert det trekt 2% som innskot i Statens Pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstokken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppfordra til å søkje.

Ver merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar har bede om å verte tatt vekk frå søkjarlista. Søkjar vil verte orientert om dette på førehand.

Nærare informasjon om stillinga kan ein få ved å kontakte studiesjef Kjersti Berg Danilova, tlf 55 95 92 15, eller seniorkonsulent Inger Marie Milde, tlf 55 95 95 02.

Søk stillinga på www.nhh.no/stilling innan 08.01.11.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive