Jarle Møen utnemnt til medlem i forskingsrådsstyret

Professor Jarle Møen (Arkivfoto)

Professor Jarle Møen vart fredag utnemnt til medlem av hovudstyret i Norges Forskningsråd.

17.12.2010 - Hallvard Lyssand


I statsråd fredag 17. desember vart det utnemnt nytt hovudstyre i Norges Forskningsråd for perioden 1. januar 2011 til 31. desember 2014.

Blant dei nye styremedlemene er professor Jarle Møen ved Institutt for foretaksøkonomi.

- Det er definitivt eit stort ansvar, konstaterer Møen, og påpeikar at forskingsrådet sitt samla budsjett for 2010 er på over sju milliardar kroner.

- Korleis får ein eit verv som dette?

- Nøyaktig kva kriterium som låg til grunn då dei valde meg veit eg ikkje. Men eg går ut frå at dei ville ha ein økonom, og nokon med forskarbakgrunn. I tillegg har dei truleg ein geografisk kabal som skal gå opp. Det faktum at eg har arbeidd mykje med forskingspolitikk kan nok også ha medverka. Uansett meiner eg at eg har fagleg bakgrunn som gjer at eg kan bidra, seier Møen.

Hovudstyret har åtte heildagsmøte i året. I tillegg kjem ein del andre aktivitetar og ikkje minst førebuingstid.

- Det er mykje arbeid, men det vert heilt sikkert interessant og lærerikt, fastslår Møen.

Hovudstyret 2011-2014:
Sjølvstendig næringsdrivande, Ingvild Myhre (leiar)
Rektor Universitetet i Tromsø, Jarle Aarbakke (nestleiar)
Prorektor for forskning ved NTNU, Kari Melby
Administrerande direktør i HSH, Vibeke Hammer Madsen
Prosjektleiar ved Universitetet i Oslo, Tor Saglie
Direktør i Kongsberg Gruppen ASA, Sverre Gotaas
Direktør i Vestlandsforskning, Agnes Landstad
Professor ved NHH, Jarle Møen
Konsernsjef i Nofima AS, Øyvind Fylling-Jensen

Kari Melby og Vibeke Hammer Madsen har sete i hovudstyret tidlegare. Dei resterande er nye.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive