Ønskte utvekslingsstudentane velkomne

Prorektor Gunnar E. Christensen og utvekslingsstudent (Foto: Hallvard Lyssand)

Veka både byrja og slutta med immatrikuleringar. Fredag var det nær 200 utvekslingsstudentar sin tur til å bli offisielt ønskt velkomne til NHH.

20.08.2010 - Hallvard Lyssand


Fredag ettermiddag var 198 utvekslingsstudentar frå 74 av høgskulen sine partnarinstitusjonar samla i personalkantina i Servicebygget for å bli immatrikulert ved NHH.

Dei tilreisande kjem frå i alt 29 nasjonar over heile verda.

Studentane vart ønskt velkomne av rektor Jan I. Haaland, prorektor Gunnar E. Christensen og representantar frå Internasjonalt kontor.

Norunn Økland, Immatrikulering av utvekslingsstudentar 2010
Norunn Økland frå Internasjonalt kontor gjer klar forfriskingar til dei immatrikuleringsklare.
Immatrikulering av utvekslingsstudentar 2010
Årets kull av utvekslingsstudentar er det største NHH har teke imot i eit einskildsemester, og det vart fort folksamt i personalkantina då storparten av dei var samla.
Jan I. Haaland talar, immatrikulering av utvekslingsstudentar 2010
Rektor Jan I. Haaland ønskte studentane velkommen til NHH, og fortalte m.a. om institusjonen og om Bergen som studiestad.
Gunnar E. Christensen og student, Immatrikulering av utvekslingsstudentar 2010
Som seg hør og bør vart utvekslingsstudentane teke imot med eit handtrykk frå prorektor og Dean of International Affairs, Gunnar E. Christensen.
Immatrikulering av utveklsingsstudentar 2010
Klare tilløp til godt humør under immatrikuleringsseremonien.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive