Klart for immatrikulering
Måndag 16. august vert opninga av det nye studieåret ved NHH markert med immatrikuleringsseremoni i Aulaen. Talen til studentane vert i år halden av konsernsjef i Storebrand ASA, Idar Kreutzer. In English 
10.08.2010 - Hallvard Lyssand 
 
 
Konsernsjef i Storebrand ASA, Idar Kreutzer. (Foto: Storebrand) 
 
Den høgtidlege immatrikuleringa av nye studentar ved NHH er ein veletablert tradisjon. 
2010-seremonien finn stad i Aulaen måndag 16. august, og tradisjonen tru vert årets nye studentar ønskt velkomne med talar frå m.a. rektor og leiaren av studentforeininga, musikkinnslag og handtrykk frå rektor eller prorektor. 
Årets hovudtalar er konsernsjef i Storebrand ASA, Idar Kreutzer. Kreutzer er NHH-alumni og leiar av høgskulen sin Næringslivskomité. 
Vidare vert det utdeling av NHH sin pris for framragande lærarinnsats og tildeling av doktorgradsdiplom. 
Program ved immatrikuleringen 
16. august 2010 kl. 11.00, Aulaen, NHH 
1. UKEkoret Optimum 
2. Velkomsttale ved rektor Jan I. Haaland 
3. Erlend Hetterud - piano: Gangar (Edvard Grieg) 
4. Tale til studentene ved Idar Kreutzer, konsernsjef i Storebrand ASA 
5. Immatrikulering 
6. Pikekoret Sangria 
7. Utdeling av pris for fremragende lærarinnsats ved prorektor Gunnar E. Christensen 
8. Tildeling av doktorgradsdiplomer ved viserektor Mette H. Bjørndal og dekan Anna Mette Fuglseth 
9. Leder i Norges Handelshøyskoles studentforening, Gudbrand Johannes Qvale, hilser de nye studentene 
10. Erlend Hetterud - piano: Kjempeviseslåtten (Harald Sæverud) 
 
Oppdatert torsdag 12. august kl. 15.26: 
Totalt vert nær 1100 nye studentar immatrikulerte ved NHH i løpet av neste veke med arrangementet i Aulaen som det mest omfattande.  
Øvrige arrangement: 
Tysdag 17. august 
Immatrikulering av studentar på dei engelskspråklege masterprofilane International Business og Energy, Natural Resources and the Environment 
Tid og stad: Stupet, NHH kl. 12.30 
Onsdag 18. august 
Immatrikulering av masterstudentar i rekneskap og revisjon 
Tid og stad: Aud. Dag Coward, kl. 10.00 
Fredag 20. august 
Immatrikulering av utvekslingsstudentar 
Tid og stad: Personalkantina, kl. 12.00 
  
 |