Populært EVU-Forum

Elisabeth Løvenholm (foto: Kristian Tindeland Marthinsen)

Utveksling av erfaringar og relevante foredrag stod på agendaen når einingane for etter- og vidareutdanning møttest til EVU-Forum på NHH 7. og 8. oktober. 45 representantar møtte opp då det var NHH sin tur til å vere arrangørar.

09.10.2008 - Paul Røren


Årets EVU-Forum tok i hovudsak føre seg to tema: Internasjonalisering i einingane for etter- og vidareutdanning, og samarbeid mellom institusjonane og næringslivet.

Kjersti Andersen Nerhus
SAMARBEID. Kjersti Andersen Nerhus frå Idrettshøgskulen ville lere meir om samarbeidet med næringslivet.
Foto: Kristian Tindeland Marthinsen

Vil freiste næringslivet

Dette andre punktet tykte representanten frå Noregs Idrettshøgskule, Kjersti Andersen Nerhus, var spesielt interessant.

- Vi er her fordi vi har ein lang veg å gå, spesielt med tanke på samarbeidet med næringslivet, meiner Andersen Nerhus.

Nyleg utdanna Idrettshøgskulen treningsvegledarar for Statoil-Hydro.

- Desse treningsvegledarkursa var vellukka og har vekt interesse blant andre bedrifter i ettertid, fortel ho.

Godt besøk

I følgje avdelingsleiar for NHH Executive, Elisabeth Løvenholm, er årets seminar eitt av dei best besøkte arrangementa til EVU-Forum gjennom tidene. Det gode besøket på årets seminar kan ha ein samanheng med at det er større etterspurnad for etter- og vidareutdanning i Noreg.

- Etter- og vidareutdanning har vorte mykje viktigare for utdanningsinstitusjonane dei siste åra, seier Løvenholm til Paraplyen.

EVU-Forum arrangerast i hovudsak fordi det er behov for utveksling av informasjon og erfaringar mellom EVU-einingane, og fordi det er ønskjeleg med fokus på bestemte tema innan sektoren.


Per Braarød Østby
FYRSTEREIS. Per Braarød Østby frå UMB syntes det var interessant å besøke NHH for fyrste gong.
Foto: Kristian Tindeland Marthinsen

Positive tilbakemeldingar

Nokre av deltakarane var på EVU-Forum for fyste gong, og for somme var det til og med fyste gong dei var på NHH.

- Innlegga var særs gode, spesielt dei som gjekk fyste dagen. Ekstra gøy var det at arrangementet vart heldt her på NHH, tykkjer Per Braarød Østby frå Universitetet for miljø- og biovitenskap, som ikkje hadde besøkt NHH før no.

Braarød Østby meiner at utbyttet frå seminaret er todelt:

- I motsetning til kvardagen når vi jobbar med konkrete problem, fekk vi her servert meir opne og generelle perspektiv. I tillegg sørgjer arrangementet for at vi får treffe andre som jobbar med det same som oss. Dette er særs viktig, tykkjer Østby.

Elisabeth Løvenholm trekk fram Trine Dahl sitt innlegg om interkulturell kommunikasjon, som fekk særs god mottaking.

- Mange vart nok positivt overraska over at NHH ikkje berre har kunnskap om derivasjon og børsen, seier Løvenholm spøkefullt.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive