Krisa overskygga budsjettet

Roger Schjerva (foto: Eivind Senneset)

Finanskrisa vart eit naturleg tema då Siviløkonomene arrangerte seminar om Statsbudsjettet på NHH torsdag.

10.10.2008 - Eva Melvær Langaas og Paul Røren


- Det er litt synd at ein legg ned så mykje arbeid i budsjettet, og så får ein ikkje prate om det, meinte professor Øyvind Anti Nilsen frå NHH, som var ein av deltakarane i panelet.

Ein del prat om Statsbudsjettet for 2009 vart det likevel, sjølv om stoda i verdsøkonomien vart eit noko meir dominerande tema enn normalt i ein budsjettdebatt. Ingen i panelet hadde store innvendingar mot framlegget frå regjeringa, men dei hadde både spørsmål og tips å komme med.

I tillegg til professor Anti Nilsen frå NHH hadde professor Kjell Erik Lommerud frå UiB og Tom Rathke frå Vital Forsikring førebudd kommentarar til budsjettet.

Roger Schjerva
NR. TO. Det var statssekretær Roger Schjerva som presenterte statsbudsjettet i Kristin Halvorsen sitt fråvere.
Foto: Eivind Senneset

Høgre hand

Eigentleg skulle Finansminister Kristin Halvorsen vore på NHH for å legge fram budsjettet og diskutere økonomien, men den nemnte krisa gjorde at ho ikkje kunne forlate kontoret. I staden sendte ho si høgre hand, statssekretær Roger Schjerva.

- Eg er van med å vere ein vandrande skuffelse, sa statssekretæren, og viste til at mange hadde gledd seg til å høyre på ministeren. Men som statssekretær har Schjerva god kontroll på kva som går føre seg i departementet, og hadde ingen problem med å presentere budsjettet.


Øivind Anti Nilsen
DEBATTANT. Professor Øivind Anti Nilsen fann få overraskingar i årets budsjett.
Foto: Eivind Senneset

Som venta

Dei tre kommentatorane var samde om at dette var eit lite overraskande budsjett. Mykje av debatten gjekk derfor ut på å gje gode råd om korleis Noreg bør reagere på finanskrisa, sett i samanheng med at vi allereie er på veg mot ein lågkonjunktur.

Anti Nilsen åtvara mot å setje i gang mange store samferdsleprosjekt no, fordi desse ikkje vil komme i gang før om eit par år. Då fryktar professoren at økonomien vil vere på veg opp att, og at dei statlege prosjekta vil skape eit for stort press i økonomien.
- Eg vil oppfordre regjeringa til å ha is i magen, men vere parat, avslutta Nilsen.


Kjell Erik Lommerud
RENTA NED? - Noregs Bank har framskunda neste rentemøte til 15.oktober, og det er neppe for å auke renta, sa UiB-professor Kjell Erik Lommerud
Foto: Eivind Sennset

Neppe renteauke

Renta var sjølvsagt også eit tema. Professor Lommerud frå UiB meiner at vårt syn på renta som verkemiddel bør få konsekvensar av den krisa vi opplever no.

- Eg trur det er eit behov for å stabilisere renta i seg sjølv, og ikkje berre bruke ho som eit middel, hevda Lommerud. Han meinte at dersom renta kjem for langt ned vil vi få ei ny boble i økonomien.
- Viss vi får renta ned på 1-2 prosent att er vi i gang igjen, frykta han.

Alle er likevel einige om at renta bør bli ein del lågare, og Schjerva trur det ikkje vil ta lang tid før vi ser ein nedgang.
- Noregs Bank har framskunda neste rentemøte til 15.oktober, og det er neppe for å auke renta, trur han.

Administrerande direktør i Vital Forsikring, Tom Rathke, var einig i at budsjettframlegget legg til rette for lågare rente, men at meir kunne vore gjort for å stimulere til sparing. Dette var Schjerva ikkje einig i:
- Å betale folk for å spare no er å kaste pengar ut av vindauget, svarte statssekretæren.

Rathke var likevel ikkje bekymra for norsk økonomi i møtet med den internasjonale krisa.
- Eg har tiltru til at styresmaktene gjer det som er påkravd og det som er naudsynt, avslutta han.

Vel blåst

Leiar for Siviløkonomene i Bergen, Alette Hjelmeland var godt nøgd med arrangementet.
- Det at stadig fleire kjem på desse seminara gjer det også meir lukrativt å komme for dei gode innleiarane, trur ho. Ho roste også innsatsen til studentane, og Siviløkonomene si gruppe på NHH.

Statssekretæren var også tilfreds med besøket.
- Det er alltid artig å komme til NHH. Her er kompetente, engasjerte og krevjande tilhøyrarar, sjølv om det kanskje ikkje er så mange av våre kjerneveljarar, sa SV-politikaren Schjerva.


Tre på gangen

1. Kva syns du om presentasjonen?
2. Påverkar statsbudsjettet organisasjonen din?

Ben Holan (foto: Eivind Senneset)

Ben Holan, leiar for NSU Bergen
1. - Eg er overraska over at statssekretæren ikkje trakk fram studentheimane i presentasjonen. Elles verka det som om det var viktig for dei å få fram eit sosialistisk budsjett.
2. - Ja, veldig. Vi har fått løfte om at eit nytt odontologibygg skal verte bygd. Dette er særs positivt. "Hvileskjæret" vart reversert, og det følast derfor som om vi "får" 300 millionar. I tillegg skal det verte bygd nye studentheimar.

Anders Bøhn (foto: Eivind Senneset)

Anders Bøhn, leiar for Studentparlamentet på HiB
1. - Presentasjonen var grei og oversiktleg.
2. - Ja, indirekte ved at Mongstad skal verte bygd i 2010. Det er bra at vi får nye studentheimar.

Julie Grimsrud (foto: Eivind Senneset)

Julie Grimsrud, student ved NHH
1. - Presentasjonen var særs interessant. På diskusjonen etterpå kom det fram interessante synspunkt.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive