Gunnar S. Eskeland fekk klimaprofessoratet

Gunnar S. Eskeland, foto: Paul Sigve Amundsen

Gunnar S. Eskeland, vart fredag presentert som NHHs nye klimaprofessor under ein miljøkonferanse på høgskulen. Stillinga er finansiert av Sparebanken Vest sin allmennyttige verksemd og inngår i ei brei satsing på miljø- og klimaøkonomi ved NHH.

16.05.2008 - Kristin Risvand Mo


- Vi er svært glade for å få Gunnar S. Eskeland til NHH. Han har ei fagleg orientering og internasjonal røynsle som vil styrke den klimafaglege forskinga og undervisninga betydelig , seier rektor ved NHH Jan I. Haaland.

- Eg gler meg til å ta fatt på jobben. Økonomi er eit viktig fagområde når det gjeld klima. Økonomi handlar om forvalting, og klimaproblemet er ei forvaltingsutfordring, først og fremst. Vi må få samarbeidet på tvers av landegrenser og på tvers av generasjonar til å fungere betre, seier Eskeland.

Lokalt , men internasjonalt

Vestlandet er kanskje den regionen som blir hardast råka av klimaendringane i Noreg. Eit viktig forskingsområde er korleis norske næringar og lokalmiljø blir påverka av og kan tilpasse seg klima- og miljøendringane. Desse endringane kan òg skape ny næringsverksemd og utvikling av innovative tenester og produkt. Kunnskap om dette er verdifullt i eit globalt perspektiv, meiner Jan I. Haaland.

- Gunnar S. Eskeland har jobba mykje med internasjonale tema knytt til økonomisk politikk og bærekraftig utvikling, mellom anna som medforfattar av World Developement Report 2003 frå Verdsbanken. Andre interesseområde er teknologiutvikling og klimapolitikk, samt politiske spørsmål knytt til samarbeid mellom nasjonar. Dette er tema av nasjonal og internasjonal karakter som vil vere viktige forskingsfelt i tida som kjem, seier Haaland.

- Eg gler meg til å vere med å vise at økonomiske perspektiv og metodar er nyttige, anten vi ser på det globale klimaet eller på turistane si oppleving av miljøet på fisketorget, seier Eskeland.

Meir klima i utdanninga

Med den nyoppretta stillinga i klimaøkonomi vil NHH auke merksemda rundt klimaspørsmål og dei økonomiske konsekvensane av klimaendringane.
- Kunnskap om miljø og klima blir stadig viktigare, også i utdanninga av framtidige siviløkonomar. Vi vil til dømes starte opp ein ny internasjonal masterprofil i energi, ressurs og miljøøkonomi frå hausten av, seier Haaland.

Bergen har allereie eit anerkjent og internasjonalt fagmiljø innan klimaforsking i Bjerknes/Nansenssenteret, UiB og Havforskningsinstituttet. No vert klimaforskinga styrka ytterlegare.
- Samarbeidet på tvers av fagmiljøet skal utviklast vidare. Vi har mykje å tilføre kvarandre, seier Haaland.

Eskeland kjem frå ei stilling som seniorforskar ved CICERO (Centre for Inernational Climate and Environmental Research, Oslo). Han er siviløkonom frå NHH og har óg doktorgraden herfrå . Eskeland har i tillegg arbeidserfaring frå Verdsbanken, SNF, Klosters og Statoil.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive