Framleis usikker finansmarknad

Emil Steffensen, foto: Trond Hansen

Etter finanskrisa vart utløyst i USA før jul gjekk det sport i å vise at ein hadde skrive at ho ville komme, men framleis er det usikkert kor stort omfang krisa har, og konsekvensane for realøkonomien.

22.05.2008 - Eva Melvær Langaas


Det hevda Emil Steffensen, avdelingsdirektør for finans og forsikring i Kredittilsynet, under si innleiing på Vårkonferansen tysdag. Men han vil ikkje gå med på at Kredittilsynet dermed er overflødig.

- Vi kan sjå kor sårbarheita er, og påpeike dette, men vi kan ikkje seie kva som vil utløyse ei krise, sa Steffensen til eit fullsett auditorium.

Dyrt med bolig

Det var dei mange bustadlåna i USA som huseigarane ikkje klarte å betale som utløyste krisa i dei amerikanske bankane, ei krise som raskt forplanta seg til finansmarknader over heile verda. I Noreg har vi merka relativt lite til krisa, sett frå bankane sin ståstad. Terra-kommunane vart hardare råka.

- Ingen av Terra-bankane kjøpte dei produkta Terra Securities selte til oss nordlendingar, seier Steffensen, som eit eksempel på at norske bankar stort sett har heldt seg unna dei mest risikable investeringane, og opptrer fornuftig.

Sjølv om han har høyrt om bankar som ikkje har tatt omsyn til fellesgjeld ved vurdering av betalingsevne hos lånekundar, noko som kan ha vore med på å auke bustadprisane.

- Låge utlånsrenter har vore med på å skape ei prisauke som kan ha gått utover eit likevektsnivå, meiner Steffensen. Han trur at både styringsrenta og rentemarginane for bustadlån vil gå opp framover, slik at det vert enno dyrare å ha bustadlån.

Aksel Mjøs
FORSKARPERSPEKTIV. Aksel Mjøs frå SNF kommenterte Ellingsens analyse.
Foto: Trond Hansen

Tillitsproblem i finansnæringa

For finansnæringa spår han også mindre pengar i tida framover.
- Den globale høgkonjunkturen er over, og det vil få verknader også for norsk finansnæring, trur Steffensen.

Både i Noreg og i resten av verda er no eitt av dei største problema for finansnæringa manglande tillit. Monica Salthella, administrerande direktør i Formuesforvaltning Vest trur at det nye regelverket for finansnæringa MiFID kan vere med på å gjenoppbygge tilliten i næringa. Dei nye reglane inneber mellom anna konsesjonsplikt for rådgjevarar.

- Problemet til no har vore at dei som har selt slike produkt har vore like lite eller mindre profesjonelle enn kundane, seier Salthella.
- Det nye regelverket er noko av det viktigaste som har skjedd i nyare tid.

Aksel Mjøs, forskar hos SNF er einig i at tilliten er det avgjerande for næringa.
- Vi kan ikkje komme unna det grunnleggande problemet med informasjonsassymetri, og her er det slik at det vi ikkje veit kan vi veldig godt ha vondt av.


Les meir:

Vårkonferansen i media

Tankreder reddet NHH-konferanse
(Dagens Næringsliv - 20.05.2008)

- Kina er sin største fiende
(NA24 - 20.05.2008)

- Nødvendig med børskorreksjon
(Dagens Næringsliv - 20.05.2008)

Farlig finanskreativitet
(NA24 - 20.05.2008)

Tordner mot Terra-kommuner
(Dagens Næringsliv - 20.05.2008)

- Det kommer nye kriser
(Dagens Næringsliv - 20.05.2008)

Aktuelle utfordringer for norske finansinstitusjoner
(Kredittilsynet - 20.05.2008)

Professor vil sparke Terra-rådmennene
(NA24 - 21.05.2008)

Last ned foredrag og kommentarar
(NHH.no)



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive