Banka HEC ned i støvlane

Fotball

Då MBA-studentar frå NHH på tur til Frankrike vart utfordra av vertane frå prestisjeskulen HEC i Paris, viste dei ingen nåde.

09.05.2008 - Eva Melvær Langaas


Både faglege og utanomfaglege utfordringar stod på programmet då studentar frå MBA i strategisk leiing, MASTRA, frå avdeling for etter- og vidareutdanning, drog på studietur til HEC utanfor den franske hovudstaden for tiande år på rad. Den nemnte audmjukinga skjedde i ein fotballkamp mellom studentar frå dei to skulane, ein kamp som enda heile 20-0 i NHH sin favør.

Uanstendig

- Den fire dagar lange studieturen var svært vellukka, med gode forelesarar og interessante tema både for vårt kull aleine og dei forelesingane vi hadde saman med dei franske studentane, fortel seniorkonsulent Morten Hilt som var med på turen. NHH arrangerte ein rein "norsk dag" i Paris der Odd Mølster, representant frå den norske ambassaden, og journalist Vibeke Knoop Rachline føreleste om Frankrike og tilhøvet mellom våre to land.

Eit tilhøve vi får håpe ikkje har blitt verre etter den totale utklassinga i fotballkampen.

- Willy Haukedal (dekan, avdeling for etter- og vidareutdanning, journ.anm) meinte vi i anstendigheitas namn burde ha slept inn eit trøstemål, fortel Hilt, som sjølv verka svært så nøgd med sluttresultatet.

Paraplyen har diverre ikkje bilete frå sjølve kampen, men bringer i staden eit par andre augneblink frå turen til Paris.

MASTRA-studentar
PAUSE. Nokre av MASTRA-studentane samla utanfor HEC.
Foto: Willy Haukedal
Chateau de Versailles
UTFLUKT. I mellom forelesningane vart det og tid til å utforska byen. Her ved Chateau de Versailles.
Foto: Willy Haukedal

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive