Relansert revy

UKErevyen re: Revy
Foto: Trond Hansen

Torsdag 21.02 vart UKEN 08 sparka i gong med urpremiere på den 15. UKErevyen i rekkja, re: Revy. Aulaen på NHH var nesten fylt opp av eit entusiastisk publikum sett saman av lokale kjendisar, politikarar og sjølvsagt tidlegare UKEstyrer.

25.02.2008 - Eva Melvær Langaas


Allereie før UKE-maskoten Orvil opna showet med den obligatoriske allsongen var stemninga på topp. I pausen var det nesten berre lovprisingar å høyre, og i andre akt reiste publikum seg og klappa med på fleire av numra. Spesielt boybandsongen dei fire mannlege aktørane song til "kvinna i sitt liv" - nemleg mor - vakte stor åtgaum.

UKErevyen re: Revy
"Mammadaltane" Jan Fredrik Tønnessen (t.v.) og Eirik Sønstebø i armane til Jonatan Asplin og William Graham. Eit av revyens store høgdepunkt.
Foto: Trond Hansen

Sjølvironi
Profesjonaliteten gjennomsyra heile revyen. Frå opninga med den klassiske 20th Century Fox-introen, omgjort til ein UKEN 08-intro på storskjerm, til velregisserte sketsjar og imponerande dansenummer. UKEN har dei siste åra leigd inn profesjonelle instruktørar til revyen, og nytt av året var ein innleigd koreograf i tillegg, noko som kom tydeleg fram både i sketsjane og i eit eige dansenummer.

Alt frå orkester og kor til sceneskifte og glidande overgangar fungerte heilt topp, og ingen store feil øydela for heilskapsinntrykket. Temaet "UKEN relanserer revy" gjorde at det ikkje var ein spesiell raud tråd, men aktørane fekk tatt opp ei heil rekkje aktuelle tema, sjølv om den skarpe samfunnskritikken kanskje var noko fråverande. Ein god dose sjølvironi, med litt koseleg moralisering vart det også plass til, i det parodiske nummeret om studentlivet på NHH.

Optimist
Sidan oppstarten av den moderne UKEN i 1980 har det skjedd mykje med den heilt studentdrivne festivalen. Frå å handle om ein revy med budsjett på ca 30 000 kr i 1980, til ein 17 dagars lang festival kvart partalsår, med ei omsetjing på fleire millionar. Alt saman stelt i stand av over tusen frivillige studentar i ytre Sandviken.

UKEsjef Adrian Geelmuyden hadde altså grunn til å vere noko nervøs framfor starten på årets festival, men etter første akt var unnagjort var skuldrene senka noko.
- Dette er veldig morosamt. Dei gamle UKEstyra kosar seg veldig, og det er berre godord å få. Eg må vente til andre akt er unnagjort før eg kan kalle det ein suksess, men eg er førebels optimist.

Og etter middagen alle dei prominente gjestane skulle på etter førestillinga, er det klart for 16 dagar til med fest, moro og festival.
- Endeleg er dagen her, avsluttar ein entusiastisk UKEsjef.


UKErevyen re: Revy
Showgirls dukka opp i byrjinga av andre akt. Frå venstre: Vibeke Rita Rasmussen, Bodil Opheim Dale, Laila Chedid Arnesen og Ingrid Aastvedt.
Foto: Trond Hansen
UKErevyen re: Revy
I dette nummeret fekk vi sjå korleis miljøet på NHH eigentlig er - i musikalform. Frå venstre: Hege Grøndahl, Eirik Sønstebø, Jan Fredrik Tønnessen og Vibeke Rita Rasmussen.
Foto: Trond Hansen

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive