Nye kraftanalytikarar på veg ut i Europa

Kraftanalytikarar

Laurdag var siste dag for det åttande kullet kraftanalytikarar frå NHH. Deltakarane tek med seg spisskompetanse på handel i kraftbransjen tilbake til bedrifter i heile Norden, og i Nederland.

29.04.2008 - Eva Melvær Langaas


På fem samlingar i haust og vår har 25 studentar teke del i Kraftanalytikarstudiet, som har etablert seg som eit populært studium, både i og utanfor Noreg.

- Då vi starta studiet i 2000 trudde vi det var eit nisjeprodukt, og venta at vi skulle arrangere kurset eitt par gongar. Men det har vist seg å vere svært vellykka, fortel Morten Hilt, seniorkonsulent ved avdeling for etter- og vidareutdanning.

Marianne Eriksen
NØGD. Marianne Eriksen frå Danmark trur bedrifta hennar kjem til å dra nytte av det ho har lært.

Aktuelt

Det er Marianne Eriksen frå Danmark heilt einig i.

- Studiet har vore veldig spennande. Dette er første moglegheit eg har fått til å setje teori til det eg har drive på med sidan 1992, seier Eriksen, som til dagleg jobbar i selskapet Norenergi i København. Ho trur heile bedrifta vil komme til å dra nytte av det ho har lært, og vil gjerne anbefale kurset til andre.

- Målgruppa for studiet er smal, men samstundes er det jo mange som jobbar i kraftbransjen, og vi har ikkje tilsvarande høgare utdanning i Danmark som er retta spesielt mot dette. Og energi er jo stadig meir aktuelt på den verdsomspennande dagsorden.

Klaas Bakker frå VIZ Risk Management i Nederland er også nøgd. Han har fleire kollegaer som har teke del på studiet tidlegare, og trur teorigrunnlaget dei får er til stor hjelp i kontakten med kundane.

- Eg trur kurset er svært nyttig. Det har vore ein god miks av tung teori og gjesteforelesingar med eksempel, meiner Bakker.

Det var professorane Petter Bjerksund og Gunnar Stensland som tok initiativ til kurset, og dei er framleis sentrale i undervisinga.


Klaas Bakker
IKKJE BERRE VASSKRAFT - I Noreg trur de elektrisitet kjem frå vatn, i Nederland trur vi det kjem frå olje, seier kursdeltakar Klaas Bakker.

Internasjonalt

For å understreke at studiet ikkje berre skal vere eit tilbod til nordmenn, vert hovuddelen av kurset heldt i København, og undervisingsspråket er engelsk. Likevel kunne fokuset kanskje vore enno meir internasjonalt. Klaas Bakker meiner dette gjeld spesielt i høve til eksempla som blir brukte:

- I Noreg trur de elektrisitet kjem frå vatn, i Nederland trur vi det kjem frå olje.

Seniorkonsulent Morten Hilt har fått liknande tilbakemeldingar tidlegare, men meinar fokuset på vasskraft kan forsvarast.

- Vasskraft er ein relativt kompleks marknad, så det dei lærer gjeld også for andre energiberarar.

Det jobbast likevel med å gjere studiet meir internasjonalt, og Hilt trur det er med på å profilere NHH i Europa.

- Noreg er eit føregangsland for deregulering av kraftmarknaden, og vi har mykje tillit på grunn av dette. I utlandet sel vi på at NHH er norsk, og det er positivt at vi får profilert noko både NHH og Noreg er gode på.

Lite dansing på bordet

Fredag skulle siste samlinga markerast med avslutning på Stupet med rektor til stades, og ein festmiddag på Hotell Norge, men Hilt trudde ikkje det kom til å bli ei heidundrande feiring.
- Det skal jo vere forelesingar laurdag også, så eg forventar ikkje akkurat dansing på borda.

Endeleg avslutning er med eksamen 20. mai, og etter det kan vonleg alle dei 25 studentane skryte av 24 studiepoeng i Kraftanalyse frå NHH.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive