- Mi tid på NHH

Paul Røren (foto: Kristian Tindeland Marthinsen)

Paul Røren har vore praktikant på Informasjonsavdelinga dei siste fem vekene.

14.11.2008 - Paul Røren


I høve praksisperiode i faget Praktisk Informasjonsarbeid på UiB skulle eg tilbringe 75 timar ved informasjonsavdelinga til ei bedrift/ein organisasjon. Formålet: sjå kva slags arbeidsoppgåver det er på ei informasjonsavdeling, og prøve å gjere litt nytte for meg.

Eg var skeptisk til praksisperioden, og visste ikkje heilt kva eg skulle forvente når eg fekk høyre at det var på NHH eg skulle vere. 75 timar fordelt på 5 veker verka i meste laget for ein student som ikkje hadde trua på at han kunne vere til noko hjelp.

Positivt overraska

Fyste dagen vart eg møtt av sjefen for informasjonsavdelinga, Asle Haukaas, som starta med å gje meg ei kjapp omvising av skulen og fortelje kort om planen for arbeidsperioden. Etter å ha forstått litt meir av kva eg skulle gjere, og fått helst på resten av avdelinga, såg det litt lysare ut.

Under arbeidsperioden hadde eg alltid noko å ta meg til med. Arbeidsoppgåvene mine besto blant anna av å skrive artiklar basert på intervju av studentar og tilsette, skrive notat frå seminar, og arbeide med statistikk og web. Det var ikkje akkurat banebrytande oppgåver eg fekk ansvar for, men eg føler likevel at eg kunne vere til hjelp - som var viktig for meg.

Eg arbeidde mest med webredaktør Kristian Tindeland Marthinsen, men fekk òg hjelp av Knut André Karlstad (redaktør for Paraplyen) - i tillegg til Asle Haukaas. Takka vere særs godt miljø på avdelinga og god oppfylging, har dei 5 vekene vore mykje meir interessante enn eg hadde trudd.

Alle har vore positive og hjelpsame. Det er utruleg bra at ei avdeling som er så travelt oppeken som informasjonsavdelinga ved NHH, tek seg så god tid til ein ubetydeleg student som er der på praksisperiode.

Kva tek eg med meg herfrå?

Medan eg har vore her på NHH har eg prøvd å halde auge og øyre opne, for å lære meir om informasjonsarbeid. Det eg har plukka opp kjem til å ver til god hjelp for vidare studering og arbeid. Eg tykkjer elles at eg har fått eit godt innblikk i korleis ei informasjonsavdeling fungerar.

Viss eg skal drage fram noko som var meir interessant enn resten, må det vel vere å sjå korleis avdelinga arbeidde saman som eit team. Alle har sine arbeidsoppgåver og ekspertisefelt, men om det skulle lide på er dei ikkje harde å be om å hjelpe til med andre ting. Det kan verke som at dei tilsette må vere forberedte på å ha mange ballar i lufta; ei informasjonsavdeling har ein del forskjellige arbeidsoppgåver og får mange tilvendingar.

Eg har òg fått erfare at studentane ved NHH, til tross for å kanskje ikkje ha det beste ryktet på seg, verkar å vere kjekke folk. Eit godt eksempel på dette er at ikkje éin person takka nei til å verte plaga med brysame spørsmål.

Tusen takk for meg!


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive