Fotball som politikk

FOTBALL er stundom ei fortsetting av politikken med andre midlar, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark i Dagbladet 5. oktober 2007.

05.10.2007 - Johannes Nymark


Når Egil Drillo Olsen tar til som landslagstrenar for Irak i fotball, er han nok medviten om at han stikk handa inn i eit vepsebol. Den førre trenaren, Jorvan Vieira, som førte Irak fram til siger i Asia-meisterskapen no i sommar, fortel at «ein sjia-muslim i starten ikkje ville senda ballen til ein sunni-muslim». Og dei to stjernene på laget, kurdaren Hawar Muhammed og sunnien Yunis Mahmud, skalla til einannan under den første kampen i meisterskapen, mellom Irak og Thailand, alt medan dei diskuterte kven som hadde ansvaret for ein stygg forsvarsmiss.

Mange frykta då at valden mellom folkegrupper i heimlandet skulle halda fram på fotballbana. Det skulle visa seg at trenar Vieira hadde hellet på si side. I den neste kampen, mot ein av favorittane, Australia, slo Irak overraskande til og vann 3-1. Det andre målet blei skåra av før nemnde Hawar. Yunis sprang til og omfamna målskåraren samstundes som han gav han eit kyss på nasen. Gløymd var feiden frå den første kampen, og etter sigeren over Australia sleppte ikkje Irak inn fleire mål i turneringa.

I finalen mot Saudi-Arabia vann Irak 1-0 etter ei flott heading av Yunis, på pasning frå Hawar. Kaptein Yunis Mahmud nytta høvet då han blei intervjua etter finalesigeren til å krevja at USA trekte seg ut or Irak: «I dag, i morgon eller i overmorgon vil eg ha dei ut or Irak, eg vonar det blir snart», sa han opphissa. Som ein refleks av hendingane og stoda i Irak, kan det nemnast at fire av spelarane mista slektningar medan Asia-meisterskapen varte. Svogeren til målmannen Noor Sabri blei myrda, og like før laget reiste til Thailand, blei fysioterapeuten, Anwar, drepen i Bagdad. Etter at dei hadde vunne heile meisterskapen, dediserte dei irakiske spelarane sigeren til fysioterapeut Anwar.

Somme tenkte at fotballsigeren i Asia-meisterskapen kunne nyttast til å byggja opp att det krigsherja Irak, men historia har synt at det er særs vanskeleg å nytta idrett til medvite å gjennomføra politiske prosjekt. Reint patetisk blei det då CNN prøvde å framstilla jubelscenene etter sigeren i semifinalen som eit håp om fredeleg løysing på Irak-konflikten. Håpet var ikkje før utbasunert då bombene eksploderte att. 50 personar omkom i feiringane etter semifinalesigeren. Det 20. hundreåret kan visa til mange døme på at idrett har fått politiske implikasjonar, men nok mest dei gongene det ikkje har vore medvite.

I Midt-Austen sendte frigjeringsrørsla PLO landslag ut på turnear for å sikra politisk støtte til den palestinske saka alt i 1964. Inspirasjonskjelda var ein annan frigjeringsfront, FLN i Algerie, som på slutten av 1950-talet fekk sett saman eit algerisk landslag som reiste rundt i Frankrike og hadde ein viss suksess som «ambassadørar for det frie Algerie». Få fenomen, om noko, kan i våre dagar måla seg med fotballen når det gjeld å mobilisera folk sine kjensler. Ikkje alltid har ein vore like heldig med å nytta fotballen som politisk symbol og konfliktløysar. Som i 1998 då Joao Havelange, den gongen president for det internasjonale fotballforbundet, FIFA, ville ta initiativet til ein fotballandskamp mellom Israel og Palestina for å løysa den mest brennande konflikten i vår tid. «Fotball kan skapa forståing mellom folk som alt for lenge har stått med ryggen mot einannan..

Der politikken, diplomatiet og finansane mislukkast, der trur eg fotballen kan lukkast». Men Havelange gav seg ikkje med éin fiasko. Før VM i 2002, som for første gong gjekk av stabelen i Asia, i Sør-Korea og Japan, ymta han frampå om at Sør- og Nord-Korea skulle stilla med eitt landslag. Det er tydelegvis ikkje alltid like lett for ein fotballeiar å leika stormakt - der FN, USA, Russland, EU, arabarverda og paven har spelt fallitt. Som kvart eit symbol kan også fotballen nyttast til kva som helst og av kven det måtte vera. Då Argentina arrangerte fotball-VM i 1978, var det om å gjera for dei militære som hadde tilrana seg makta ved kupp to år tidlegare, å syna at landet var eit anna enn det som kom fram i internasjonal presse, der brota på menneskerettane dominerte. Dei militære ville presentera eit sameint land og la opp til at det unisone ropet «Ar-gen-tina» skulle sendast ut via fjernsyn til store delar av verda. Men mellom folk flest ropte ein òg «Argentina campeón, Videla al paredón», som tyder «Argentina meister, Videla >leiaren for militærjuntaen? til rettarstaden», og dét var det ikkje alle journalistane som fekk med seg.

Det har seg slik at fotballen i diktaturstatar kan spela ei rolle i kampen mot diktatur, fordi individet på dei store fotballstadiona forsvinn i mengda. Ville ein vita kva som rørte seg mellom folk på grunnplanet til dømes i det tidlegare Sovjet eller Jugoslavia, kunne det vera lurt å følgja med på kva som skjedde på fotballbanane. Då kunne ein tilmed få varsel om potensielle tendensar til opprør. Dette var tilfellet til dømes i kampar der Moskva-lag møtte storlag frå andre sovjetrepublikkar, som når Spartak Moskva spelte mot Dynamo Kiev frå Ukraina.

I 1992 blei det jugoslaviske fotballandslaget utelukka frå fotball-EM det året. I pressa og i internasjonale politiske krinsar såg ein på sanksjonsmiddelet som særs effektivt, og ein la vekt på at det var utan militære kostnader. Meir enn noka anna straff - militær, politisk, økonomisk - råka eksklusjonen frå Euro 1992 det serbiske folket og fekk det til å føla seg isolert internasjonalt sett. Når ein ser på utviklinga i åra etter, kan ein nok lura på om ikkje både kommentatorar og politikarar overdreiv verknadene.

Det som ikkje kan diskuterast, er dei positive følgjene utelukkinga fekk for Danmark, som kom inn i staden for Jugoslavia og like godt gjekk bort og vann heile meisterskapen. Ein av dei første til å utnytta fotballen politisk var Benito Mussolini under Italia-VM i 1934. I meir enn tre timar skreik publikum på finaledagen ut sin glød til fedrelandet og il Duce >Føraren? Mussolini. Italia slo Tsjekkoslovakia 2-1 i finalen og fekk betalt også internasjonalt for arrangementet og sigeren. «Det italienske fotballforbundet og det italienske landslaget har sett ein standard ved å organisera og vinna VM i 1934. Eg gratulerer og fagnar ei tru som er i stand til å få fram slike dygder», sa FIFA-president Jules Rimet, og den trua han refererte til, blei av mange tolka som den fascistiske ideologien.

Forskarar som studerer meir underliggjande årsaker til endringar i haldning og mentalitet, har streka under den rolla som Brasil og spesielt Pelé har hatt på det afrikanske kontinentet, og i nokon mindre grad i Asia. Afrikanarar og asiatar har alt i mange tiår sett på Brasil som ein modell og eit ideal innan fotballen, noko alle turneane til Santos, «Pelé Futebol Club», til desse kontinenta på 1960-talet var sterkt medverkande til. Ein ruvande politisk leiar som Nelson Mandela har tilmed hevda at populariteten til Pelé inspirerte svarte i Afrika og tilmed frigjeringsrørsler ved å visa at det går an for folka i sør å ta opp kampen mot landa i nord - og tilmed vinna. «Fotball, det er krig» har Ignacio Ramonet, sjefredaktør i Le Monde Diplomatique sagt. Med ei omskriving av Carl von Clausewitz kan ein i alle fall hevda at fotball stundom er ei fortsetting av politikken med andre midlar.

Som ein refleks av hendingane og stoda i Irak, kan det nemnast at fire av spelarane mista slektningar medan Asia-meisterskapen varte.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive