Klart for Forskingsdagane

Forskningstorg i Bergen (Foto: Sidsel F. Bachmann)

Fredag 19. september går startskotet for årets Forskingsdagar i Bergen. NHH bidreg på fleire av arrangementa.

17.09.2014 - Øyvind Torvund


I år er kommunikasjon det overordna temaet for forskingsfestivalen.

Dei fire hovudarrangementa er Forskar Grand Prix, Forskingstorget, Forskingsdagane UNG og Foredrag & debatt.

Fredag 19. september og laurdag 21. september er det forskingstorg på Festplassen. Her skal NHH vere på plass med ein forskingsstasjon der dei besøkande kan lære meir om merkevarebygging og reklame. Fredag er forskingstorget opent for 6. og 7. klassingar i Bergen, medan det laurdag er opent for alle. Laurdag er det opent frå 11.30-16.00.

Måndag 22. september er det Foredrag & debatt-arrangement på Litteraturhuset med tema Språkmakt: Tåketale, desinformasjon eller hersketeknikk. Her skal Gisle Andersen frå institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon delta. Han skal snakke om korleis ord som for eksempel reservasjonsrett kan brukast til å vri eit bodskap i ei spesiell retning for skape støtte til eit politisk standpunkt.

Onsdag 24. september er det Forskar Grand Prix. Ti forskarar får fire minutt kvar på å engasjere publikum og jury. Stipendiat Monica Rydland frå institutt for strategi og leiing representerer NHH. Arrangementet finn stad i Kultursalen på Høgskulen i Bergen klokka 18.

Torsdag 25. september er det eit nytt Foredrag og debatt-arrangement på Litteraturhuset. Denne dagen blir skuledebatt. Professor Jan Ubøe frå institutt for foretaksøkonomi er blant dei som skal sitte i panelet. Det siste året har han markert seg med fleire kronikkar der han har stilt seg kritisk til alle testane som blir gjennomført i skulen.

Fredag 26. september er det Forskningsdagane UNG på Studentsenteret klokka 18-22. Dette er eit arrangement for elevar og lærarar i den vidaregåande skulen. Her vil NHH vere på plass med den same forskingsstasjonen som vi hadde på Festplassen. I tillegg blir det ei rekkje foredrag på Studentsenteret denne kvelden. Professor Kjetil Bjorvatn frå institutt for samfunnsøkonomi er blant dei som skal bidra. Han skal snakke om eit forskingsprosjekt i Tanzania.

Les meir på Forskingsdagane Bergen sine nettsider


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive