Klart for Jentedagen på NHH

100 jenter frå heile landet kjem til NHH førstkommande fredag for å få ein smakebit av korleis livet som NHH-student er.

20.03.2014 - Red.


Jentedagen er eit av tiltaka for å få fleire kvinner til å velje NHH som studiestad.

Kvart år sidan 2007 har 100 jenter som er i ferd med å velgje utdanning blitt invitert til NHH for å møte forskarar, studentar, bli introdusert for studietilbodet og få ein smakebit av studentlivet ved høgskolen.

Vil tiltrekke seg flinke jenter

- NHH har lenge hatt ein ubalanse mellom gutar og jenter i studentmassen. Høgskolen meiner at ein betre balanse er eit gode for studiemiljøet, i tillegg ønskjer jo også NHH å tiltrekke seg dei flinke jentene. Her får jentene eit godt innblikk i kva NHH har å tilby dei, både fagleg og sosialt. Ved det håpar vi at dei kan gjere eit betre og meir kvalifisert studieval, seier leiar Eivind Drange ved seksjons for marknadsføring.

Jentedagen blir arrangert samtidig med UKEN, som er ein festival arrangert av studentane på NHH.

Som ein del av programmet får deltakarane på Jentedagen billettar til både studentrevyen og eit stand-up-show som blir arrangert på NHH.

Variert program

- Målet er å gje jentene eit godt innblikk i kva NHH står for både fagleg og sosialt. Det viktigaste er sjølvsagt å vise dei kva som vil vente dei fagleg. Dette blir gjort gjennom eit nær fire timar langt fagleg program der jentene får smakebitar frå dei ulike fagområda og forskinga ved NHH. Men val av studie og studiestad handlar jo også om at ein skal trivast utanom auditorium og lesesal, så difor legg vi også vekt på å vise dei kva studentforeininga driv med og kan by dei, seier Drange.

Du kan lese meir om kva som skjer på Jentedagen på NHH sine nettsider.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive