Ny tilsett i Forskingsadministrativ avdeling
Ingrid Spjeldnæs er siste tilskot til Forskingsadministrativ avdeling. Ho skal arbeida med PhD-programmet og oppfølging av PhD-studentar.
30.05.2014 - Hallvard Lyssand
37-åringen frå Eidsvågneset skulle ha solid bakgrunn for å støtta NHH sine doktorgradsstudentar. Ho har sjølv doktorgrad i sosialpsykologi frå Universitet i Bergen. Avhandlinga tok for seg familieverdiar blant ungdom i Sør-Afrika.
Ho har også arbeidd ved Høgskulen i Bergen, som finansierte doktorgraden hennar.
- Kvifor NHH?
- Eg ville vera i forskingsverda, men vil heller vera med å leggja til rette for god forsking enn å forska sjølv, seier Spjeldnæs.
|