Bronsesvampen til Inger Stensaker
Professor Inger G. Stensaker fekk laurdag Bronsevampen for andre gong. Ho vann prisen for kurset SOL040 Strategisk ledelse. - Utruleg motiverande og kjempeartig, seier Stensaker.
19.05.2014 - Hallvard Lyssand
Kvart semester delar NHH-studentane ut Bronsesvampen til ein førelesar dei meiner har gjort ein ekstra undervisningsinnsats for bachelorstudentane ved høgskulen.
Mottakaren for vårsemesteret 2014 er professor Inger G. Stensaker frå Institutt for strategi og leiing. Tradisjonen tru fekk vinnaren overrekt prisen under 17. mai-frukosten i aulaen laurdag.
Stensaker får prisen for kurset SOL040, Strategisk ledelse. Ho fekk prisen for same kurs i 2010.
I grunngjeving frå Fagutvalet heiter det m.a. at Stensaker har utmerka seg som ein tydeleg, engasjerande og fagleg dyktig førelesar. Ho får ros for heile tida å visa korleis teori kan nyttast i praksis og å knyta faget tett opp mot næringslivet, m.a. gjennom ei solid rekkje av næringslivstoppar som gjesteførelesarar.
Det vert også framheva at Stensaker er svært open for tilbakemeldingar og viser vilje til å utvikla kurset vidare.
Grunnform med variasjonar
Inger Stensaker er sjølvsagt glad for prisen.
- Det er utruleg motiverande og kjempeartig, seier ho til Paraplyen.
- Eg har halde dette kurset i fem år og grunnforma har i hovudsak vore den same heile tida. Kurset er case-basert, med eit spesifikt tema og med gjesteførelesarar som kan bidra til å belysa problemstillingar kring dette temaet i praksis, forklarar Stensaker.
- I år var temaet sosialt ansvar, og i løpet av kurset har vi sett på korleis sosialt ansvar påverkar dei strategiske avgjerdene til bedrifter, legg ho til.
Årets case tok utgangspunkt i to høgst ulike verksemder: Statoil og den sosiale entreprenøren Live Arctic, ein energibarprodusent drive av tidlegare NHH-student Andreas Friis. For kvar selde energibar gjev selskapet ein naudrasjon til eit sveltande eller underernært barn. Blant spørsmåla er om sosialt ansvar kan vera eit konkurransefortrinn, eller om det berre er ein ekstra kostnad.
- Vi nyttar teorien til å analysera verksemdene, og så kjem gjesteførelesarane inn og knyt det heile opp mot praksis, seier Stensaker.
Ho understrekar at det er ein nøkkelfaktor å jobba tett med gjesteførelesarane på førehand for å leggja opp perspektiva som gjestene skal koma inn med.
|