Påmelding til sommarfesten

Sommarfest (Illustrasjon)

Den årlege sommarfesten for tilsette i NHH-miljøet blir arrangert torsdag 19. juni, og no er det opna for påmelding.

03.06.2014 - Hallvard Lyssand


Sommarfesten er for alle tilsette i NHH-miljøet, og finn stad i kafeteriaen i nybygget frå klokka 17.00 torsdag 19. juni.

Årets tema er argentinsk asado. Asado er både eit sett grillteknikkar og det å halda grillfest.

Klokka 17.30 vert det fageleg innslag om Argentina, klokka 18.00 vert det vinsmaking med argentinske vinar i sentrum og klokka 19.00 byrjar middagen.

Arrangørane lovar dessutan både dans og overraskingar.

Meld deg på sommarfesten


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive