Det er ikkje nok å gi

Vi må investera for å vinne kampen mot fattigdommen. Men vi må gjera det «lurt» og gjera det som er rett, skriv førsteamanuensis Aksel Mjøs i Aftenposten 6. februar.

06.02.2014 - Aksel Mjøs


Det er mange syn på korleis kampen mot fattigdom og for robust levestandard for alle skal kjempast. Nokre er mest opptekne med omfordeling av overskot frå oss rike, medan andre trur at betre styrte marknadskrefter åleine sikrar velstand også i utviklingsland.

Som økonom er eg oppteken med at langsiktige løysingar må gi den enkelte rette økonomiske incentiv. Med incentiv meiner eg kva folk gjer av rein eigeninteresse.

Eg hadde gleda av å vera på tur til Uganda og Kenya saman men Voxtra, eit norsk «impact investing»-fond, i januar og vart særleg utfordra på desse tema.

Impact investing er å investera i verksemder i utviklingsland der ein stiller både finansielle og sosiale avkastningskrav.

Kvifor handlar vi - alt frå mat i butikken til ny bustad? Fordi vi trur vi får det betre enn om vi ikkje handlar. Vi trur altså at det vi byter til oss er meir verdt enn prisen vi betalar.

Vi økonomar nyttar omgrepet «konsumentoverskot», som eit mål på kor mykje meir verdt det vi kjøper er for oss enn den prisen marknaden krev.

Tilsvarande er «produsentoverskot» det produsenten kan tene ved denne prisen utover produksjonskostnaden.

Tena på å handle med kvarandre

Forbrukar og produsent kan altså begge tena på å handla med kvarandre. Men det krev at det faktisk fins marknader som fungerer godt. Og slik er det langt frå alltid.

Kva har dette å seia for korleis vi bør kjempa kampen mot fattigdom?

Med kampen mot fattigdom tenkjer eg særleg på varig utvikling mot robuste levekår, ikkje naudhjelp i akutte humanitære kriser.

Eit mål må vera fungerande marknader der dei fleste deltek både i arbeidsmarknaden med tida si, som kundar og produsentar i leveranse av varer og tenester, og nyttar bank- og forsikringstenester.

Både fagøkonomar og dei fleste som tek del i den politiske debatten samstemmer i at samfunn med god marknadsøkonomi både sikrar vekst og velferd - sjølvsagt grovt forenkla.

Fungerande marknader reduserer og avhengigheta av bistandsoverføringar og er difor robuste over tid.

Rapporten «The State of East Africa» viser til at berre 1,6 prosent av arbeidsstokken i Uganda og 6 prosent i Kenya, er ordinære lønnsmottakarar.

Dette er nok strengt definert, men dei aller fleste deltar altså ikkje i arbeidsmarknaden på den måten vi er vane med. Det er eit skrikande behov for initiativ som «formaliserer» økonomien.

I ein meir formalisert økonomi ser ein at verksemder er tente med å tilsetja folk og at folk er kvalifiserte til formelle arbeidsforhold.

Bård Harstad drøfta i i Aftenposten 23. januar korrupsjon som ei sentral hindring for økonomisk vekst i fattige land.

Verksemder møter i tillegg manglande forutsigbarhet og rettssikkerhet, rein treghet, og manglande tilgang til både kapital og kvalifisert arbeidskraft.

Poenget er at dårleg fungerande marknader gjer at konsumentar og produsentar tapar gjennom at dei ikkje får handla som dei ønskjer.

Men marknader vert ikkje til av seg sjølv. Det krev politikk. Enkelt sagt er samfunns- og marknadsorganisering, og også kvalifisering av arbeidskraft, primært eit politisk ansvar.

Direkte bistand

For å komme dit trengs det direkte bistand.

Samtidig må tilgangen til investeringskapital også løysast gjennom utradisjonelle kjelder.

«Impact investing» - investering med sosiale mål - er kjenneteikna ved at ein nyttar det beste frå finansiell kompetanse til både å velja ut, evaluera og følgja opp investeringar i verksemder i utviklingsland.

Verksemdene som ein investerer i vert forventa å oppnå målbare sosiale effektar i tillegg til å levera akseptabel finansiell avkastning.

Sosiale effektar kjem i hovudsak ved at ein tilfører kapital og kompetanse til verksemder som skaper spesielt store utviklingseffektar.

Skape robuste verksemder

Typisk kan dette vera å sikra avsetning av varer frå småbønder (som leverandørar), gi tilfang av viktige høgkvalitets innsatsvarer (som kundar), eller rett og slett sysselsetting i fornuftig avlønna jobbar.

Kapitaltilskot i form av lån eller eigenkapital gjev ein kompetent investor rett til konstruktiv oppfølging og incentiverer mottakarane til å «levera».

Deira incentiv ligg i å gjera seg uavhengig av denne kapitalen og/eller å få tilgang til ytterlegare kapital til vidare vekst.

Reine overføringar gjev ikkje desse incentiva. Alt er dessutan tilrettelagt for å skapa robuste verksemder som over tid ikkje treng slik kapital og at denne då kan reinvesterast i anna verksemd.

Impact investing har som mål å koma med kapital og investorkompetanse der risikoen kan synast for stor for vanlege finansieringskjelder.

I tillegg kan ein ved leiting med sosialt perspektiv finna nye forretningsmuligheter som er både sosialt og finansielt svært attraktive.

Eit døme er Voxtra si investering i såkornprodusenten Western Seed i Kenya. Dei leverer maisfrø som gjev småbønder langt større avling samanlikna med om dei brukar eigne frø - utan genmodifisering.

Eg er ikkje i tvil om at - når det vert gjort rett - kan «marknaden» nyttast i kampen mot fattigdom.

Marknadstiltak kan frigje potensiale og skapa velferd gjennom at lønnsmottakarar og småbønder får både høve og incentiv til å handla.

Dette er grunnleggjande rett sjølv om mellom anna korrupsjon, monopolmisbruk og ulevelege arbeidsvilkår kan vera viktige hinder. I kampen mot fattigdom er tilgang av investeringskapital eit viktig bidrag frå oss rike.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive