Her er årets nyord
Kva nye ord har slått gjennom i 2014? Sjå NHH-professor Gisle Andersen presentere årets topp 10-liste i videoen.
02.12.2014 - Øyvind Torvund
Kvart år kårar nyordforskar Gisle Andersen frå NHH i samarbeid med Språkrådet dei viktigaste nyorda frå året som er gått. Dei brukar verktøy som fangar opp nye ord frå alle dei store riks- og regionsavisene. Dataverktøyet er utvikla ved Uni Research Computing.
Ord som sakte-tv, naving, kulturkjerring, askefast og halehelt har vore på lista dei siste åra. Klarer du å gjette årets ord? Sjå videoen!
Du kan lese meir om årets kåring på Språkrådet sine nettsider
Her finn du lista over tidlegare vinnarar
|