Kontrollmani gjer forenkling umogeleg

Politikaranes eigen frykt for å gjere noko feil, er ei av dei største hindringane for å gjere offentleg sektor meir effektiv, skriv førsteamanuensis Aksel Mjøs i Aftenposten 30. mars.

01.04.2014 - Aksel Mjøs


Den nye regjeringa har gått offensivt ut for å forenkla Noreg for personar, verksemder og kommunar.

I den politiske plattforma står det mellom anna at «Regjeringen vil arbeide målrettet for å redusere byråkratiet» og «(Å) Redusere næringslivets kostnader ved å etterleve myndighetspålagte rapporteringskrav med 25 prosent sammenlignet med kostnadene i 2011.»

Dette er prisverdige ambisjonar som eg ikkje trur dei greier å realisera i møte med alle motkreftene. Desse motkreftene må fram i lyset og utfordrast, elles går prosjektet i stå. Og da må politikarar som vil modernisere, akseptere at dei sjølve er ein del av problemet.

Kvifor dokumentasjon?

I fleire medieoppslag har alt frå legar og lærarar til gründerar og næringslivsleiarar uttrykt sine frustrasjonar over store og unyanserte krav til rapportering, dokumentasjon og andre aktivitetar som går ut over kjerneoppgåvene. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har og ved fleire høve vist til undersøkingar som seier at legar no nyttar 40 prosent av tida på pasientar mot 60 prosent tidlegare.

Sideoppgåver som frustrerer er openbert nyttige for dei som tek initiativet til dei, mens dei vert opplevde som tidstjuvar og unyttige for mange som får dei pålagt. Nytten kan til dømes vera betre kontrollar, førebyggjande dokumentasjon mot kritikk eller nasjonale statistikkbehov. Kvalitetssikringa gjennom offentlege tiltak og reglar gir reell reduksjon av risiko for feil eller tap, anten det er bankreguleringar eller byggjesaksprosessar.

Dei gruppene som ser nytteverknadene vil sjølvsagt kjempa imot kutta og vert Regjeringa si største utfordring i forenklingsarbeidet. Trass i mange sine frustrasjonar er det også gode grunnar for alt frå barnehagekartlegging og utsleppskrav til nye bankreguleringar.

Alltid ein risiko

Det krev politisk ryggrad å stoppa opp og seia at «nok er nok», og så stå igjen med faren for at noko går gale. Det vil alltid vera risiko ein som samfunn ikkje kan, eller bør, sikra seg mot. Vesentleg forenkling av offentlege prosessar vil nettopp auka den «rest-risikoen» politikarar og andre leiarar vert eksponerte for.

Vi kan ikkje droppa krav og reglar i stort omfang utan at det skjer fleire feil og uheldige utfall. Ideelt sett bør det finnast ein optimal balanse mellom verdien av innsparingar (og færre frustrasjonar) og auka risiko, men det er lite truleg. Ujamn fordeling av nytte og kostnader mellom grupper er ei ytterlegare utfordring.

Kvifor trur eg ikkje politikarar og leiarar i offentleg sektor er klare for å ta meir risiko? Sanner har ved fleire høve sagt at han både vil gi leiarane meir fridom og ansvar, men at dei og må ta konsekvensane om noko går gale. Dette indikerer ein ny «leiarkontrakt» i offentleg sektor, meir lik den privat sektor tilbyr. Leiarar som må ta meir risiko og ansvar for feil, vil og forventa tilsvarande påskjønning for suksess, elles er det trygge, kontrollerte og faste langt å føretrekkja.

I offentlege leiaroppgåver er det sjeldan lett å måla suksess, men feil og fiasko er meir tydelege. Mange kontroll- og dokumentasjonskrav bidreg og i seg sjølv til å beskytta offentlege leiarar frå kritikk. Dette skaper motkrefter som heller ikkje gjer forenklingsarbeidet enklare.

Må tole meir kritikk

Media er, og heldigvis for det, opptekne med kva som skjer i offentleg sektor. Ei naturleg merksemd på avvik kan likevel gjera politikarar og offentlege leiarar for forsiktige. Ei årvaken presse er viktig, men om Regjeringa vil få til reell forenkling - og med det tek meir risiko - må dei vera klare for meir kritikk av uheldige konsekvensar. Utfordringa vert å få så store forbetringar at opinionen, og media, verdset dei og støttar balanseringa.

Forenklingsambisjonane møter også på andre hindringar. Eit globalisert informasjonssamfunn og det omfattande samspelet innan EØS stiller krav til regelverk, dokumentasjon og prosedyrar der norske styresmakter har lite handlingsrom. Vi har og sterke arbeidstakarorganisasjonar som naturleg nok vil verna arbeidsplassar og har mindre forståing for innsparingsbehov i «verdas rikaste land». I tillegg kan alltid arbeidstakarorganisasjonane køyra parallelle prosessar, både forhandla via leiarhierarkiet i offentleg sektor, men også gå direkte på politisk leiing. Det vert ikkje meir endringskraft av slikt.

Tek ikkje konsekvensar

Omgrepet «samfunnsøkonomisk lønsemd» skal fanga opp samla nytte og kostnader ved offentlege tiltak, også direkte for personar og verksemder. Ei hovudutfordring er likevel at sjølv om det vert gjort analysar før oppstart, er det langt mellom god forsking på samla verknader i etterkant. Inntrykket er og at dei fleste tiltaka som vert evaluerte i starten får leva i fred etterpå. For å verta truverdige må Regjeringa evna både å fornya analysar og å ta konsekvensane - også av negative konklusjonar.

Dette inneber mot til konkret nedlegging og avslutning av aktivitetar, ikkje berre omlegging og restrukturering. Den mykje omtala suksessen med nettenesta Altinn er eit eksempel på imponerande omlegging og effektivisering av eksisterande skatte- og selskapsprosessar. Dette er flott, men dei største produktivitetseffektane krev at prosessar og krav i seg sjølve vert forenkla og kutta.

Sjukehusa er, på sitt beste, eit godt døme på vanskelege prioriteringar og ærleg aksept av risiko og endåtil død. Kanskje det er råd å ta lærdom frå godt balanserte avgjerder der i arbeidet for ein effektiv og høveleg dosert offentleg sektor i Norge.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive