Ny tilsett i biblioteket

Eli Heldaas Seland (Foto: Hallvard Lyssand)

Eli Heldaas Seland er siste tilskot til staben ved biblioteket.

16.11.2012 - Hallvard Lyssand


Eli Heldaas Seland byrja i ei stilling som universitetsbibliotekar torsdag. 36-åringen frå Kongsberg har doktorgrad i visuell kultur frå Universitetet i Bergen.

Ho kjem til NHH frå ei stilling ved Bergen byarkiv, der ho har arbeidd med eit digitaliseringsprosjekt. Tidlegare har ho vore tilknytt Universitetsmuseet både som stipendiat og i eit engasjement knytt til museet si mynt- og medaljesamling.

Hovudoppgåva hennar fram til april 2013 vert å gå gjennom dei delane av biblioteket sine samlingar som er lagra i Merinobygget og vurdera kva som kan fjernast og kva som skal flyttast til nybygget. Seinare venter arbeidsoppgåver retta mot fagstaben ved NHH.

- Kvifor søkte du deg til NHH?

- Oppgåvene i biblioteket verkar spennande og varierte, og eg trur eg kan lære mykje. I tillegg har eg høyrt mykje positivt om arbeidsmiljøet, seier Seland.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive