Uteksaminerte tredje rektorkull

Rektorprogrammet 3. kull (Foto: Hallvard Lyssand)

Fredag ettermiddag mottok 23 skuleleiarar provet på at dei har gjennomført NHH og AFF sitt rektorprogram.

19.11.2012 - Hallvard Lyssand


Nasjonalt leiarprogram for rektorar er eit utdanningstilbod for skuleleiarar initiert av Utdanningsdirektoratet. NHH/AFF er ein av seks tilbydarar på landsbasis.

Målet med programmet er å styrka deltakarane si teoretiske forståing og praktiske meistring av leiarrolla for å setja dei betre i stand til å takla ein kvardag med store utfordringar og høge krav frå ei rekkje ulike hald.

Programmet er sett saman av ni tredagars samlingar der det vert veksla mellom førelesingar og arbeid i lærings- og utviklingsgrupper. Deltakarane må dessutan arbeida på eiga hand mellom samlingane

Feira på fredag

For å sikra seg dei 30 studiepoenga kurset gjev må deltakarane gjennom to individuelle heimeeksamenar og levera ei prosjektoppgåve.

Kurset si avsluttande øving er ein disputas der grupper av deltakarar forsvarar oppgåva si. Opponentane kjem frå fagstaben ved NHH.

Kullet som samla seg på Stupet sist fredag ettermiddag for å feira at dei hadde fullført programmet, var det tredje sidan starten i 2009.

Rektor Beate Moberg frå Os skule i Os kommune sa seg svært nøgd med utbytet frå sine vel 14 månader på skulebenken.

- Det har vore heilt uvurderleg. Programmet er veldig lærerikt og personleg utviklande både i høve til leiarrolla og til det å jobba i gruppe. Eg har hatt stort utbyte av arbeidet både på og mellom samlingane, og opplegget kan definitivt anbefalast, seier Moberg.

Fjerde kull er alt i gang med sitt løp. Totalt har direktoratet tinga fem kull.

Les meir om rektorskulen på nettsidene til NHH Executive

Rektorprogrammets tredje kull, november 2012 (Foto: Hallvard Lyssand)
Dei 23 deltakarane frå rektorskulens tredje kull samla på veg frå disputas til avsluttande feiring på Stupet. Med på biletet er også dei programansvarlege, Arne Kjøde frå AFF, Tore Hillestad frå NHH og studieleiar Gro Tufte frå NHHE.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive