Ny organisasjons- og leiarutviklar

Martha Lehmann-Røed (Foto: Hallvard Lyssand)

Psykologiutdanna Martha Lehmann-Røed er tilsett som organisasjons- og leiarutviklar ved NHH.

14.12.2012 - Hallvard Lyssand


Martha Lehmann-Røed byrja i den nyoppretta stillinga ved HR-avdelinga 1. desember.

33-åringen frå Stavanger er cand. polit. med hovudfag i psykologi frå NTNU. Ho har spesialisering i personlegdomspsykologi og sosialpsykologi, medan hovudoppgåva hennar dreidde seg om belastningane næringslivsleiarar opplever i samband med negativ medieomtale.

- Dei siste sju åra har eg arbeidd som konsulent og drive med organisasjons- og leiarutvikling i verksemder i både privat og offentleg sektor, og som stillingstittelen min røper er det dette eg skal arbeida med på tvers av organisasjonen her ved NHH også, seier ho.

- Men kvifor NHH?

- Det verkar som ein levande og spennande arbeidsplass med mange flinke folk. Ein stad å vera stolt av. Dessutan er jo forsking og utdanning viktige felt, seier Lehman-Røed.

- Eg elska forresten studenttilværet, og ved å vera her får eg litt smaken av det att, sjølv om eg ikkje misunner studentane akkurat no, ler ho.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive