NHH opprettar finansinstitutt

NHH

Styret ved NHH vedtok måndag å oppretta eit sjette institutt ved høgskulen: Institutt for finans.

12.12.2012 - Hallvard Lyssand


I januar 2013 vert instituttstrukturen ved NHH utvida frå fem til seks. Det nye tilskotet er eit eige finansinstitutt.

I praksis dreier det seg om ei deling av Institutt for foretaksøkonomi.

Institutt for finans får frå starten 14 tilsette forskarar, 12 personar i bistillingar og ti PhD-studentar, samt to og eit halvt administrativt årsverk. Felles for alle ved det nye instituttet er at dei har faglege profilar som er spissa mot finansfaget.

Førsteamanuensis Jøril Mæland vert instituttleiar, medan professor Karin S. Thorburn vert nestleiar ut inneverande valperiode.

Foretak med brei bedriftsøkonomisk tilnærming

Institutt for foretaksøkonomi held fram under same namn og med ei breiare bedriftsøkonomisk tilnærming enn sitt nye søsterinstitutt. Foretak vil ha ca. 30 forskarårsverk og ca. 4,5 administrative årsverk.

Professorane Frode Sættem og Trond E. Olsen fortset som høvesvis instituttleiar og nestleiar.

Fleire av forskarane som held fram ved Foretak arbeider også med finans. Dei har likevel fagleg breie profilar med forankring i bedriftsøkonomisk analyse og med klare grenseflater mot andre fagområde, som økonomisk styring, finansrekneskap, operasjonsanalyse, skatt, energiøkonomi og matematikk/statistikk, og har derfor vald å halda fram ved Foretak.

Paraplyen kjem tilbake med fleire detaljar om institutta i januar.

Strategisk vurdering

- Hovudgrunngjevinga for delinga er av strategisk karakter. Vi ønskjer å leggja til rette for at alle fagmiljø skal kunna bidra mest mogeleg til høgskulen si utvikling, og har vurdert deling av Institutt for foretaksøkonomi ut frå eit slikt perspektiv, seier rektor Jan Haaland.

- Foretak er eit stort institutt som samlar ei rekkje fag og fagområde. Det har gjeve stordriftsfordelar , men også nokre ulemper - til dømes i høve rekruttering, ressursfordeling og fagleg profilering. Delinga vil gje større autonomi til dei ulike fagområda, og dermed større fleksibilitet og høve til tydeleg fagleg profilering og spissa strategiar, held han fram.

- Forventninga både frå rektoratet og styret er at omlegginga vil gje grunnlag for ytterlegare utvikling innan både forsking, undervisning og formidling, og bidra til at høgskulen når sine ambisiøse langsiktige mål, legg han til.

Grundig arbeid

Haaland understrekar at avgjerda om å leggja om instituttstrukturen er basert på grundige vurderingar over lang tid.

- Forslaget om å dela Institutt for foretaksøkonomi var også oppe i 2009. Men på det tidspunktet kunne ikkje rektoratet støtta delinga, mellom anna grunna uvisse om kostnadssida og effektane av ei deling.

- Etter at forslaget vart fremja på nytt, er det gjennomført ein grundig prosess og framlegget til organisering har unison støtte frå dei involverte. Dei ser det som eit høve til styrka forsking og undervisning, og å tiltrekkja seg og å halda på toppfolk innan faga, seier han.

Reint praktisk vert det nye instituttet innordna NHH sine vanlege reglar på alle vis, frå organisering til finansiering.

Robust og berekraftig

Rektor konstaterer at Institutt for finans vert relativt lite i NHH-samanheng, men at instituttet fyller krava til eit robust og berekraftig fagmiljø, og vil ha godt grunnlag for vidare utvikling på sikt.

- Å ha eit eige finansinstitutt er svært vanleg blant institusjonane vi normalt samanliknar oss med, og vil kunna bidra til å gjera oss meir synlege internasjonalt. Samstundes er forskarane som vert tilknytte instituttet svært klare på at dei ser dette som eit høve til ei styrking av finansforskinga og -publiseringa ved høgskulen, seier han.

- Finans er eit stort og svært viktig fag ved NHH, som for ein kvar handelshøgskule, og det er avgjerande at vi har konstant høg kvalitet og utvikling på både forsking og undervisning.

- Samla sett meiner vi at denne delinga vil setja dei involverte fagmiljøa endå betre i stand til å utnytta og vidareutvikla sine faglege potensial, og at delinga derfor vil bidra til å styrka den samla kjerneverksemda ved NHH både kvalitativt og kvantitativt, konstaterer rektor Haaland, før han avsluttar:

- Samstundes er tett og godt samarbeid mellom institutta ein av dei grunnleggjande føresetnadene for den høge kvaliteten NHH er kjent for, og dette samarbeidet vil sjølvsagt bli vidareført uavhenging av den nye instituttstrukturen.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive