Innleier det akademiske året

Immatrikulering ved NHH august 2011 (Arkivfoto: Helge Skodvin)

Måndag 13. august markerer NHH starten på det akademiske året med immatrikulering av om lag 700 nye bachelor- og masterstudentar. In English

10.08.2012 - Hallvard Lyssand


Kvar haust ønskjer NHH sine nye studentar velkomne med høgtidlege immatrikuleringsseremoniar.

Alle dei nye studentane vert ønskte velkomen med eit handtrykk frå rektor eller prorektor. I tillegg inkluderer immatrikuleringa talar og musikkinnslag med meir.

Årets hovudtalar er ordførar i Bergen, Trude Drevland.

Sidan i fjor har NHH arrangert separate immatrikuleringar for bachelor- og masterstudentane i økonomi og administrasjon.

Seremonien for dei nye bachelorstudentane finn stad i høgskulen sin aula frå klokka 10 måndag.

NHH sitt bachelorprogram i økonomi og administrasjon har vore landets mest søkte studium i seks år på rad. I år kjempa vel 5000 søkarar om ca. 450 plassar. 48 prosent av dei som fekk tilbod om studieplass er kvinner, ein kraftig auke frå tidlegare år.

Dei nærare 250 nye masterstudentane i økonomi og administrasjon vert immatrikulerte frå klokka 14. Sistnemnte seremoni føregår på engelsk.

Velkomstarrangementa for nye studentar held fram utover veka.

Onsdag 15. august er det dei ca. 130 masterstudentane i rekneskap og revisjon som skal immatrikulerast. Deira seremoni finn stad i Aud. Jan Mossin.

Fredag 17. august vert om lag 220 utvekslingsstudentar ønskte velkomne til NHH under eit arrangement i personalkantina.

Program for immatrikuleringa av nye studentar til bachelorstudiet:

NHH sin aula, måndag 13. august klokka 10.00

1. UKEkoret Optimum

2. Velkomsttale ved rektor Jan I. Haaland

3. Tale til studentane ved Trude Drevland, ordfører i Bergen

4. Andreas Sande - piano
Edvard Grieg - Lyric Pieces Op 65, Bryllupsdag på Troldhaugen

5. Immatrikulering

6. Pikekoret Sangria

7. Utdeling av pris for fremragende lærerinnsats ved prorektor Gunnar E. Christensen

8. Tildeling av doktorgradsdiplomer ved viserektor Mette H. Bjørndal og dekan Helge Thorbjørnsen

9. Tale til studentene ved NHHS-leder Saliba Andreas Korkunc

10. Andreas Sande - piano
Frédéric Chopin - Fantasie Impromptu, Op 66


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive