Opprør! No!

Vi bør gjere opprør mot Ny offentleg økonomistyring (NPM), slik at vi vender attende til tradisjonell offentleg økonomistyring, som først og fremst skal tena innbyggjarane sine interesser. Det skriv Norvald Monsen, professor, dr. oecon., Norges Handelshøyskole og Sverre Høgheim, førsteamanuensis, dr. oecon., Høgskulen i Sogn og Fjordane i ein kronikk i BT 14. desember 2007.

14.12.2007 - Norvald Monsen og Sverre Høgheim


(NPM) har medverka tilat enkelte kommunar har gjort vanvittige investeringar i utanlandske verdipapir, noko som ville ha vore utenkjeleg innanfor tradisjonell offentleg økonomistyring (TPM).

I ein laurdagskommentar i Bergens Tidende (24.11.2007) stiller Morten Strøksnes følgjande spørsmål: «Når kommer det norske opprøret mot New Public Management»? Vi veit ikkje - men opprøret burde koma no! I det siste har vi nemleg vorte kjende med at fleire kommunar forvaltar innbyggjarane sine pengar på ein vanvittig måte. Enkelte fagfolk har omtalt dette som gambling eller veddemål, fordi ein gamblar på at renteutviklinga til ulike amerikanske verdipapir skal utvikla seg gunstig for kommunane. Kommunane har ikkje berre gambla med pengar som dei hadde for handa, men dei har også lånt pengar for ytterlegere å kunna gambla på den store lottogevinsten. Etter at denne spelegalskapen - unnskyld offentlege pengeforvaltninga - er vorten kjend, har innbyggjarar, politikarar og fagpersonar innanfor finansfaget fordømt framferda.

«Sikkert som banken»
Blant forklaringane som mange trekkjer fram, finn vi følgjande: Kommunane hadde stor tillit til Terra Securities sine råd, fordi lokale sparebankar er storeigarar i Terra; og den lokale sparebanken har kommunane alltid hatt eit langvarig og godt tillitsforhold til. Dermed fann ikkje kommunane det nødvendig å kontrollera dei opplysningene som Terra presenterte for kommunane, for dei oppfatta Terra som ein representant for sparebankane. Uttrykket «sikker som banken» lever framleis vidare i Noreg, men det spørst om det ikkje no snart avgår ved døden. Lagnaden til dette uttrykket vil i stor grad vera knytt til korleis sparebankane handterer den tillitskrisa som no er i vente mellom den lokale sparebanken og den kommunen der banken er lokalisert.

Ei anna forklaring
Det er likevel ei anna forklaring som ikkje har vore omtalt i media, og det er nettopp trua på ny offentleg økonomistyring (NPM). I dei siste 20-30 åra har det internasjonalt spreidd seg ei oppfatning om at offentlege organisasjonar, inkludert kommunar, burde styrast på ein ny måte. Vi kan dagleg lesa i avisene om nedskjeringer i kommunane, anten det dreier seg om eldreomsorga, skulesektoren eller vegsektoren. I ein slik situasjon er det nærliggjande «å tenkja nytt» og sjå nærare på økonomistyringa i privat sektor: Dersom vi berre kunne ha organisert og styrt offentleg sektor som private bedrifter, så ville vi ha løyst dei offentlege styringsproblema! For nokre år siden starta ein på ein slik prosess i statleg sektor i Noreg, ved at offentlege sjukehus vart organiserte som helseføretak etter modell av private føretak (private bedrifter). Samtidig vart den tradisjonelle offentlege pengerekneskapen erstatta av den lønsemdsrekneskapen som privat sektor brukar. Dette var eit viktig ledd i forsøket på å styra dei offentlege sjukehusa på same måte som ein styrer private bedrifter, der lønsemda står i fokus. Når staten sjølv går i brodden i denne trua på at ny offentleg økonomistyring (NPM) vil løysa dei offentlege styringsproblema, og dessutan at dette er i samsvar med internasjonal utvikling i offentleg sektor, er det ikkje rart at også kommunane etter kvart tek etter.

Lønsemdstankegang
Basert på stadige avisomtalar av pengeproblema på dei statlege sjukehusa, kan lesarane sjølve gjera seg opp ei meining om denne nye offentlege økonomistyringa synest å ha løyst dei styringsproblema som tradisjonell offentleg økonomistyring (TPM) ikkje klarte å løysa. Og basert på avsløringane dei siste vekene av enkelte kommunar sine pengeplasseringar i amerikanske høgrisikoverdipapir, med håp om god inntening ut frå ein lønsemdstankegang, kan lesarane også reflektera over om dette strevet etter å tena mest mogeleg pengar for å oppnå størst mogeleg lønsemd er det som bør stå i fokus i den kommunale økonomistyringa.

«Å tena andre»
Ifølgje Nynorskordboka har verbet å tena seks ulike tydingar. På førsteplassen kjem det å tena pengar, altså den kommersielle tydinga av ordet. Heilt til slutt kjem det å tena andre (hjelpa, gagna), altså den ueigennyttige tydinga av ordet. På Ivar Aasen si tid (jf. Norsk Ordbog 1873; ny utgåve i 2003) kom det å tena andre på første- og andreplassen i ordboka, medan den kommersielle tydinga av ordet kom til slutt. Det er altså ingen tvil om at det å tena pengar er vår tids tale. Denne tenkjemåten har meir og meir festna seg også i offentleg sektor. Terra-saka er nettopp eit eksempel på det same i kommunane. Ein kommune skal derimot tena innbyggjarane over alt og i alle samanhengar. Det er på si evne til å tena andre at kommunen skal kjennast og verdsetjast, og ikkje på si evne til å tena pengar!

Dyrekjøpte erfaringar
Lat oss ikkje venta på fleire dyrekjøpte erfaringar i stadig fleire kommunar, før vi tek inn over oss at kommunane er - og bør vera - forskjellige frå private bedrifter. Dersom vi innser dette, vil vi også innsjå at kommunane bør styrast på ein annan måte enn den måten vi styrer private bedrifter på, noko som igjen inneber at vi gir opp forsøka våre på å innføra privat økonomistyring, omtalt som ny offentleg økonomistyring (NPM), i offentleg sektor. Lat oss heller venda attende til tradisjonelle prinsipp for offentleg økonomstyring (TPM). Desse prinsippa tek nemleg utgangspunkt i at kommunane skal forvalta innbyggjarane sine pengar på ein slik måte at dei tener innbyggjarane sine interesser. Og innbyggjarane sine interesser kjem i første omgang til uttrykk ved kommunevala, der innbyggjarane stemmer på politiske parti som representerer interessene deira, anten det er betre eldreomsorg, auka kvalitet i skulen, betre rassikring langs vegane eller andre viktige samfunnsoppgåver.

Inntektsramme
I neste omgang målber politikarane innbyggjarane sine interesser i budsjettprosessen, der dei stemmer for kommunale utgifter til eldreomsorga, skulesektoren osv. innanfor kommunen si inntektsramme. Dermed blir budsjettkontroll og pengekontroll dei viktigaste punkta innanfor tradisjonell offentleg økonomistyring (TPM), i motsetning til lønsemdskontroll, som står i fokus i ny offentleg økonomistyring (NPM).

KOMMUNANE hadde stor tillit til Terra Securities sine råd, fordi lokale sparebankar er storeigarar i Terra; og den lokale sparebanken har kommunane alltid hatt eit langvarig og godt tillitsforhold til.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive