Effekten av organisatoriske endringar

Organisatoriske endringar fører til mindre etterspurnad etter arbeidstakarar i 50-åra. Samstundes aukar etterspurnaden etter arbeidstakarar i 40-åra. Dette er nokre av resultata i ei ny doktoravhandling ved NHH.

26.09.2007 - Eva Melvær Langaas


Doktorgradsstudent Dag Rønningen har studert samanhengane mellom teknologi og eldre si deltaking på arbeidsmarknaden.

Rønningen har sidan uteksamineringa frå NHH i 1998 arbeidd i Statistisk Sentralbyrå (SSB). Dei siste åra har han delteke i fleire ulike forskingsprosjekt. Det er desse som no er blitt ei doktoravhandling, sett saman av fire essays. 28 september disputerer han for doktorgraden ved NHH.

Ser på effekten av teknologiske endringar
I arbeidet sitt har Rønningen mellom anna forska på teknologiske endringar og eldre arbeidstakarar.

Hypotesen som vert testa er at forventa teknologiske endringar fører til at eldre arbeidstakarar blir lengre i arbeid, medan uventa endringar gjer at dei sluttar tidlegare.

- I føretak med høg forventa teknologisk omstilling blir eldre mannlige arbeidstakarar noko lenger i arbeid. I føretak med mykje uventa teknologiske endringar derimot, finn vi at fleire går ut av arbeid tidlegare enn i føretak med mindre grad av uventa teknologiske endringar, seier Rønningen.

Funna gjeld for menn og gir ei viss støtte til dei hypotesane som vert testa. For kvinner har han ikkje funne noko tydeleg resultat. Funna for menn kan heller ikkje tolkast som årsaksforklaringar, Rønningen fortel at vi berre kan fastslå at det er statistiske samanhengar.

- For å finne ut om dei teknologiske endringane er direkte årsak til at menn blir lengre i jobb trengs ein betre økonometrisk modell. Då kan vi utelukke andre årsaker, som vi ikkje har kontrollert for i denne undersøkinga.

Nedgang for 50-åringar
Rønningen har også undersøkt om ny teknologi og endringar i organisasjonar fører til lågare etterspurnad etter eldre arbeidstakarar, og auka etterspurnad etter yngre.

Her finn forskaren få klare resultat. Likevel kan det sjå ut til at organisasjonsendringar fører til auka etterspurnad etter arbeidstakarar i 40-åra, samstundes ser det ut som det blir ein nedgang i etterspurnaden etter arbeidarar i 50-åra.

Noko av forklaringa på at vi ikkje finn sterke resultat kan vere at datagrunnlaget ikkje er godt nok eigna til denne typen analyser. Talmaterialet er henta frå FoU- og innivasjonsundersøkingar i Statistisk Sentralbyrå.

- Dei indikatorane som vert nytta seier berre om det har vore ei endring, ikkje noko om omfanget og kva type endring, fortel Rønningen, og legg til at meir forsking med betre datagrunnlag kanskje kan gje andre resultat.

Dag Rønningen jobbar no ved seksjon for arbeidsmarknadsstatistikk i Statistisk sentralbyrå. Dag Rønningen disputerer på NHH 28.september.

---------

Det er Professor Kjell Gunnar Salvanes på institutt for Samfunnsøkonomi som har vore rettleiar og samarbeidd med Rønningen om desse undersøkingane saman med Torbjørn Hægeland i SSB.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive