Rettferd under lupen

Alexander Cappelen
FOTO: Helge Skodvin

Saman med Christel Fricke ved UiO skal NHHs etikkforsker Alexander Cappelen forske på menneskesinnet sin plass i naturen.

22.01.2007 - Red.


Fricke blir leiar for det nye Centre for the Study of Mind in Nature - det aller første senteret for framifrå forsking ved Det humanistiske fakultetet i Oslo. Senteret skal i stor grad samarbeide med både nasjonale og internasjonale forskingsmiljøer. Deriblant NHH.

- Viss me klarer å påvisa at mennesket handlar meir ut ifrå rettferd enn egoisme, kan me konkludera med at rettferdskjensle er ein grunnleggjande menneskeleg eigenskap. Det seier filosofiprofessor Christel Fricke til Universitetet i Oslo si nettavis.

Betre forståing av rettferd
I følge Fricke handlar moralfilosofi om to ting: Kva er moralsk rett å gjera, og kva motiverer folk til å gjera det som er moralsk rett?

I Bergen er det blitt gjort interessante eksperiment på felt som utgjer eit svært viktig saksområde for det nye senteret.

Christel Fricke og forskargruppa hennar vil difor samarbeida med sosialøkonomar ved Noregs handelshøgskule i Bergen. Saman vil dei planleggja eksperiment som skal hjelpa til med å få ei betre forståing av korleis oppfatninga av rettferd kan påverka individuelle avgjerder. Dei vil også sjå nærare på kva folk forstår med rettferd og korleis deira idé om rettferd utviklar seg over tid.

Global rettferd
Forskarane vil også sjå på dei politiske konsekvensane av dette.
- Me ynskjer å forstå det sosiale motivet bak rettferdiggjeringa av nokre normer og korleis det påverkar dei politiske institusjonane. Eit døme kan vera arbeidet for global rettferd. Når det gjeld dette spørsmålet, vil me samarbeida med den internasjonalt kjende professoren i etikk og statsvitskap, Thomas Pogge, fortel Fricke.

- Det er heilt unikt internasjonalt at så mange forskarar frå så mange forskjellige disiplinar saman skal forska på desse problemstillingane, konstaterer ho.

Ynskjer fleire kvinnelege forskarar
Christel Fricke frå Heidelberg i Tyskland blir Noregs første kvinne som leier eit senter for framifrå forsking.

- Eg vil syta for å rekruttera mange flinke kvinnelege forskarar frå både Europa og USA, og det trur eg vil vera viktig for å motivera dei få kvinnelege masterstudentane på Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske fag (IFIKK) til å satsa på ei forskarkarriere, slår ho fast.

Initiativet til å oppretta eit senter for framifrå forsking på HF kom frå ei gruppe med filosofar frå IFIKK, men no inkluderer gruppa også andre norske forskarar både innanfor lingvistikk, statsvitskap og sosialøkonomi. Dessutan vil dei samarbeide med forskarar frå andre europeisk land og USA, skriv UniformNett.no.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive