Ønskjer meiningar frå NHH

Debattredaktører

Kronikkredaktørane i Bergens Tidende og Aftenposten etterlyser fleire innspel frå NHH-forskarar. Kronikk- og debattsidene er mektig populære i begge aviser, men det er vanskeleg å få meiningar og kunnskap på trykk. Difor arrangerer NHH kronikkurs for dei vitskapleg tilsette.

26.10.2007 - Kristian T. Marthinsen


I Bergens Tidende (BT) kjem berre ein av fem kronikkar på trykk. I Aftenposten er det endå vanskelegare.

Tidlegare kronikkredaktør i Dagbladet, Dag Kullerud, kjem til NHH 27. november for å halde kronikkurs. Slik skal NHH-kunnskap lettare komme på trykk i avisene.

Gjer det enkelt
Ein NHH-ar som har lang erfaring med kronikkskriving er Johannes Nymark, førsteamanuensis i spansk ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon. Over dei siste åra har han hatt ei rekke kronikkar på trykk, og torsdag 25. oktober hadde han eit nytt innlegg i BT. Denne gong om valet i Argentina.

Første gong han skreiv ein kronikk fekk han hjelp av ein journalistkamerat.
- Eg hadde ein artikkel som eg viste ein kamerat som er journalist. Han sa at artikkelen var for lang og at han hadde for mange innvikla setningar. Så viste han konkret korleis eg skulle bygge opp teksten slik at han blei meir forståeleg.

- Me forskarar har ein tendens til å uttrykke oss krøkkete og innvikla. Det går an å gjere det litt enklare. Du må tenke på emne som har allmenn interesse, og så må det du skriv om populariserast, fortel Nymark.

Også debattinnlegg
NHHs forskingsformidlar, Kristin Risvand Mo fortel at kronikk- og debattstoffet blir lest av svært mange, også politikarar og beslutningstakarar .

- Fagkompetansen ved NHH er etterspurt, og kronikkforma gir et anna grunnlag for formidling av økonomisk fagstoff enn det nyhendeartiklar gjer, seier ho.

Forskarar som Victor Norman og Rögnvaldur Hannesson skriv jamnleg kronikkar og kommentarar for høvesvis Dagens Næringsliv og E24.

- Forsking er ikkje ferdig før det er publisert, seier professor II ved NHH, Mike Newman.

Det er Johannes Nymark einig i.
- Dersom ein sjølv synast at ein forskar på noko som er viktig og nyttig, må ein jo ha interesse av å få det publisert i ei form som er forståeleg for folk flest.

Meld deg på
Det er NHH og Konkurransetilsynet som arrangerer debatt- og kronikkurset tysdag 27. november. Kurset har 12 plassar og er ope for alle vitskapleg tilsette.

Før kurset skal kvar deltakar skrive ein artikkel eller kronikk. Temaet kan deltakarane velje sjølve, men det er ein fordel om det er relatert til forskinga dei driv med.

Artikkelen bør ha mellom 4000 og 7000 teikn inkludert mellomrom. Dette tilsvarer kronikklengda i mange norske aviser.

Fristen for påmelding er utsett. Siste frist for påmelding er torsdag 1. november til kristin.mo@nhh.no
Informasjon: Kristin Risvand Mo, 55 95 96 61/915 99661


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive