Vil ha betre kvalitet og fleire seremoniar

Kjernestyret 08

Fredag 12.oktober valte studentane ved NHH ny leiing av studentforeininga, det såkalla kjernestyret. Det nyvalte styret vil mellom anna jobbe for at det skal etablerast ein avslutningsseremoni etter master, og at det skal setjast meir fokus på det pedagogiske nivået blant forelesarane.

08.11.2007 - Eva Melvær Langaas


Kjernestyret 08_499px
Det nye kjernestyret i NHHS.

- Vi vil at det skal leggast meir vekt på pedagogiske evner ved tilsetting av nye vitskapeleg tilsette, seier Thomas Leren, som frå januar av blir den nye leiaren for NHHS. Leren har sjølv sete i tilsettingsutvalet då han var medlem av bachelorfagutvalet, og meiner studentane bør vere meir aktive når søkarane held prøveforelesing.

- Alle aktuelle kandidatar må gjennom ei slik prøveforelesing før dei vert tilsett, og dette er ein god arena for studentane å vere med å påverke, trur Leren. Meir fokus på kvaliteten i undervisinga vil gjere NHH til ein betre skule, og den nye leiaren trur dette kan gjennomførast utan at det går ut over det faglege nivået.

Internasjonalt fokus
Ei annan viktig sak for det nye kjernestyret er å få ei meir verdig avslutning av masterstudiet. I dag får studentane tilbod om ein felles middag for alle som avsluttar samtidig, men dei engasjerte studentane syns ikkje dette er nok.

- Når vi startar på NHH har vi immatrikuleringsseremonien, som er veldig høgtidelig og fin. Vi vil ha ein tilsvarande seremoni for å markere at vi har fullført studiet, der vi også kan invitere familie og vener, fortel Leren. Det å ha gjennomført studier ved NHH er noko å vere stolt av og verdt ei skikkeleg markering.

Også i sjølve studentforeininga er det utfordringar å ta tak i for kjernestyret. I det siste har det vore sett fokus på for dårleg kvalitet på dei engelske versjonane av NHH sine nettsider, og ny Infoansvarleg Hanne Ø. Kirkebøen er oppteken av at NHHS sine nettsider skal få dei internasjonale studentane til å kjenne seg velkomne. Dei vil også ha fleire utvekslingsstudentar som engasjerer seg i dei ulike gruppene og utvala.

- Blant anna Foto-gruppa har tatt opp utvekslingsstudentar, og vi syns og det hadde vore flott om vi fekk enno betre integrering i heile studentforeininga. Dette er sjølvsagt opp til kvar enkelt gruppe, men vi vil prøve å leggje alt til rette, og fokusere på å få fram dei positive sidene med meir integrering, seier Kirkebøen.

Opplæring
Det nye kjernestyret vil også jobbe vidare med saker som allereie er sett i gang av det sittande styret, som for eksempel utarbeiding av retningsliner for munnleg eksamen. Fram til jul skal dei få opplæring i mellom anna aktuelle saker, og bu seg på dei nye verva. Slik skal dei vere godt budde til dei tek over leiinga 2.januar.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive