USA-ambassadør vil ha forretningsidear frå NHH

USAs ambassadør til Norge

Den amerikanske ambassadøren til Noreg, Benson K. Whitney, inviterte i dag NHH-studentar til å delta i ein konkurranse om å finne løysinga på miljøkrisa. Den beste forretningsideen får moglegheit til å bli realisert.
Publisert: 01.11.2007

31.10.2007 - Kristian T. Marthinsen


Benson Whitney
Benson K. Whitney. Foto: Per Bjarte Ulvedal Nes

- Eg kan ikkje love at det blir investert i det konseptet som vinn, men er ideen god nok vil det alltid vere nokon som er interessert i å stille med pengane, meiner Whitney.

I følgje ambassadøren er innovasjon og ny teknologi den einaste måten å løyse klimaproblema på, og han vil at NHH-studentane skal kaste seg inn i kampen.

- Vi kan ikkje rekne med å fikse dei utfordringane verda står framfor gjennom å be folk senke levestandarden, meiner ambassadøren. Nye løysingar må til, og i følgje Whitney treng vi mange av dei:
- Ein enkelt idé kan ikkje løyse dette, men tusenvis av gode idear kan, seier ambassadøren.

Fantastisk moglegheit
Detaljane i konkurransen er enno ikkje klare, men det handlar om kven som kan utvikle den beste forretningsideen innanfor miljøvenlege løysingar.

Ambassadøren har sjølv vore ein av initiativtakarane for konkurransen, og skal saman med Hans Hekland frå Sarsia Innovation vere dommar. Vinnaren får ein tur til den amerikanske ambassaden i Oslo, og får moglegheit til å setje ideen sin ut i livet.

Whitney meiner at å delta i konkurransen vil vere god trening i å tenke som ein entreprenør, noko som vil kome godt med i alle jobbar i næringslivet.

- Dette er ein fantastisk moglegheit for NHH-studentane til å få sett ideane sine ut i livet, opne dører og strekke seg etter noko, seier James Hosea, marknadsrådgjevar på NHH.

Meir info kjem
Den amerikaske ambassaden og NHH skal samarbeide om å utarbeide reglane. Etter planen kjem dei med meir informasjon om vilkåra og eventuelle premiar før jul.

I utgangspunktet er det berre studentar frå NHH som kan delta, men på spørsmål opnar Whitney opp for at det også er mogleg å samarbeide med for eksempel ingeniørstudentar.

Sjølve konkurransen skal gå føre seg til våren.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive