Ny bok frå NHH-miljøet

Torsdag vart boka Våronn med nye muligheter presentert i Rosendal. Redaksjonen for prosjektet er forskarar frå NHH og SNF.

23.11.2007 - Knut André Karlstad


Foto: Fagbokforlaget

Det er Grete Rusten, Nina M. Iversen og Leif Hem som har vore redaktørar for boka, som seies å vera eit viktig bidrag i arbeidet for å styrka næringslivet i bygde-Noreg. Ho syner mangfaldet av muligheiter i dei naturlege, kulturelle og menneskelege ressursane i vestlandsbygdene, og også potensialet for å utvikla opplevingsbasert turisme med utgangspunkt i lokale ressursar.

Boka har bidrag både frå næringsliv, forvaltinga og ymse forskarmiljø, og i tillegg til redaktørane har Ivar Gaasland (SNF), Inger Beate Pettersen (SNF) og Vigdis Kaland (NHH) forfatta delar av verket.

Du kan lesa meir om bokprosjektet på Fagbokforlagets heimesider.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive