Betre pedagogar

Onsdag 14. november skal NHHs førelesarar på skolebenken. Då vert pedagogisk dag arrangert ved NHH. Tema for dagen er Studentaktiviserande undervisning: auka undervisningsaktivitet og meir tid til forsking?

09.11.2007 - Kristian T. marthinsen


Det er dekanane for bachelor og master som i samråd med professor II Arild Raaheim er ansvarlege for dagens innhald.

Pedagogisk dag er eit årleg arrangement som set fokus på pedagogikk ved NHH. Arrangørane tek opp aktuelle tema som dei meiner kan ha interesse for dei som undervis ved høgskulen.

Studentane er nøgde
Studentanes evaluering av NHHs førelesarar er stort sett veldig bra. Av fem moglege poeng, høstar masterutdanninga over fire i snitt. Men NHH kviler ikkje på laurbæra.

- Jamt over er studentane godt nøgde med førelesarane, men det er klart vi ynskjer å forbetre og utvikle oss, seier dekan for masterutdanninga, Iver Bragelien, til Paraplyen.
Alle vitskaplig tilsette kan nytta høvet til å læra meir om korleis dei kan legge til rette for studentaktiviserande undervisning onsdag 14. november.


Program for dagen:

9.15 Velkommen
Ved dekan Iver Bragelien

9.18 Innledning
ved professor Arild Raaheim
Studentaktiviserende undervisning og tid til egen forskning.
Lar de seg forene?

9.30 Foredrag
ved professor Akylina Samara
Lærerrollen i studentaktiv undervisningsdesign: fra faglig orakel til prosessleder?

10.00 Kaffepause

10.15 Tre forberedte innlegg
Førsteamanuensis Per-Ivar Gjærum
Forøvrig er det min mening...

Professor Anna Mette Fuglseth
Styring av imaginære foretak - et fagpedagogisk stunt

Professor Victor Norman
Forskningsbasert undervisning?

11.15 Debatt
Ledet av professor Arild Raaheim

11.40 Oppsummering
Ved prorektor Gunnar Christensen

11.45 Lunsj


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive