Nye vindar i Latin-Amerika

Når fredsprisvinnar Rigoberta Menchú no har kunngjort at ho stiller som presidentkandidat ved vala i Guatemala i september, gjer ho ikkje anna enn å stadfesta ein ny tendens som har gjort seg gjeldande i Latin-Amerika dei seinaste åra. Dette skriv Johannes Nymark, førsteamanuensis ved NHH, i ein kronikk i BT 18. mars 2007.

18.03.2007 - Johannes Nymark


Noko av det som så langt karakteriserer 2000-talet i denne regionen er nemleg at dei tradisjonelle politiske makthavarane er blitt utfordra av grunnplanet. I over hundre år har ein i Latin-Amerika snakka om den politiske klassen, og med det har ein referert til det mindretalet som har monopolisert politisk makt og som har nytt godt av dei fordelane det er å vera i maktposisjon.

Til den latinamerikanske politiske klassen har ein kunna rekna storgodseigarar, industriherrar, militære, økonomar og juristar. Presidentar og andre politiske maktpersonar har kome frå desse gruppene, som andre sosiale grupper i landet har vore ekskluderte frå.

Det ein ofte omtalar som grunnplanet eller folket, har vore styrt av den politiske klassen. Somme gonger har representantar for dette folket vore inkludert i politiske prosjekt, men har berre sjeldan og meir tilfeldig kome i maktposisjon sjølve. Urfolket på det amerikanske kontinentet, indianarane, hadde rett nok ein president i Mexico på 1800-talet: Benito Juárez, som styrte landet sitt i tidsrommet 1858-1872 og fekk heltestatus på grunn av den vellukka krigen mot dei franske okkupantane (1862-1867). Juárez er likevel unnataket som stadfestar regelen, og indianarane har historisk sett vore ei sterkt undertrykt gruppe.

Dei latinamerikanske landa har vore kjende for å vera utprega mannssamfunn. Likevel har kvinner hamna i presidentstolen, somme meir tilfeldig, andre etter val. Den første kvinnelege presidenten i Latin-Amerika var Isabelita, eller María Estela Martínez de Perón som ho eigentleg heiter, i Argentina (1974-1976). Isabelita blei president etter at mannen, Juan Perón, døydde, ho virka som ein rein marionettefigur for sterke rådgivarar og reidde grunnen for eit brutalt militærdiktatur (1976-1983). Lidia Gueiler var interimpresident i Bolivia i 1979-1980, og i den seinaste tida har Violeta Chamorro vore president i Nicaragua (1990-1997) og Mireya Moscoso i Panama (2000-2004).

Det har vore presidentar i Latin-Amerika, av ulike sjatteringar, som har hevda at dei har representert arbeidarklassen, men før Luiz Inacio Lula da Silva blei valt til president i Brasil i 2002, kom alle som ein frå middelklassen og overklassen. Å få den tidlegare skopussaren, gateseljaren, fabrikkarbeidaren og leiaren av stålarbeidarane si fagforeining som president, var eit politisk jordskjelv av dimensjonar i Brasil, eitt av dei landa i verda der skilnaden mellom fattig og rik er aller størst.

I dag ser vi ein tendens til at alle dei undertrykte gruppene vi her har omtala - indianarar, kvinner og arbeidarar - organiserer seg og gjer krav på både respekt og makt i samfunnet. I desember 2005 blei sosialisten, kokabonden og fagforeiningsleiaren Evo Morales, som er aymara-indianar, valt til president i Bolivia. Skrekkscenariet for dei politiske klassane og for USA er på plass også i dette fjellandet: ein «boliviansk Hugo Chávez», som satsar på å nasjonalisera energiressursane (olje og gass) i landet og som dessutan støttar og får støtte frå dei kokaproduserande bøndene.

I januar 2006 vann sosialisten Michelle Bachelet presidentvalet i Chile i spissen for ein sentrum-venstre-koalisjon, og fleire kvinner ser ut til å villa følgja i hennar fotspor. Før Rigoberta Menchú nyleg stadfesta sitt kandidatur i Guatemala har ein i krinsen rundt den argentinske presidenten Néstor Kirchner vurdert om presidentfrua, Cristina Fernández Kirchner, skal stilla som presidentkandidat for peronistane ved valet i oktober. Ho blir tilmed somme stader presentert som den nye Evita og bladet Newsweek jamfører henne med Hillary Clinton.

«Det er freistande å tenkja seg Cristina Fernández som ein noko yngre versjon av Hillary og med latinsk sjarm», skriv bladet. Dei endringane vi her omtalar, har systematisk manifestert seg først etter hundreårsskiftet, men tendensane gjorde seg gjeldande på grunnplanet alt på 1990-talet. Dei høgprofilerte spanske feiringane av 500 årsjubileet for Columbus si «oppdaging» av Amerika i 1492 provoserte indianargrupper. Urfolket i Amerika - mange titals millionar til saman - hadde jo oppdaga det amerikanske kontinentet lenge før europearane kom dit, og frå 1992 av tok dei til å krevja respekt for eige språk og eigen kultur og ein rettmessig plass i dei latinamerikanske samfunna, både politisk, økonomisk og kulturelt. Her finn vi utgangspunktet for den politiske kampen som Evo Morales i dag fører som president i Bolivia. Og nettopp i 1992 fekk Rigoberta Menchú Nobels fredspris for sitt humanitære arbeid for mayaindianarane i Guatemala.

1990-talet var nyliberalismen sitt tiår i Latin-Amerika. Privatiseringar over ein låg sko av statlege verksemder og tenester førte til at stadig større folkegrupper blei marginaliserte og hamna i fattigdom. Fagforeiningar og andre arbeidarorganisasjonar blei svekkja eller knuste, og viktige økonomiske verksemder hamna i hendene på utanlandske aktørar, som ikkje i første rekkje hadde dei latinamerikanske folkas ve og vel i tankane. Det var som ein reaksjon på denne nyliberalistiske politikken at arbeidarar, arbeidslause og fattige generelt tok til å organisera seg i nye rørsler, også politiske. Kampen for å få naturressursane, og spesielt energiressursane, attende under nasjonal kontroll var ein viktig del av denne kampen mot nyliberalismen.

Dei første åra på 2000-talet er i Latin-Amerika karakteriserte av at ein i fleire land reverserer privatiseringsprosessar frå 1990-åra. Det argentinske vassforsyningsselskapet «Aguas Argentinas» blei midt på 1990-talet nærmast nytta som eit mønster for korleis ein burde privatisera statlege verksemder, og selskapet fekk omfattande økonomisk støtte frå Verdsbanken. For eit par år sidan kunne ein konstatera at «Aguas Argentinas» var blitt ein dundrande fiasko og vassforsyninga gjekk for snart eit års tid sidan attende til staten. Det går i dag også føre seg ein intens folkeleg kamp for å hindra at utanlandske selskap skal slå kloa i det enorme underjordiske vassbassenget som ein har lokalisert i delar av Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay, og som blir rekna for å vera ein av dei aller største vassreservane i verda i dag.

Nasjonaliseringa av olje og gass, som i Bolivia og Venezuela, er likeeins ein del av dei nye politiske vindane som bles over Latin-Amerika og som fører med seg så vel folkeleg deltaking som kamp for å halda naturressursane under nasjonal kontroll.

Det er sjølvsagt ikkje alltid representantane for dei sosiale gruppene som her er omtala - urfolk, kvinner og arbeidarar - vinn gjennom i sin politiske kamp. Indianarane sin kandidat i Peru, Ollanta Humala, måtte til dømes gi tapt for den tidlegare presidenten Alan García ved presidentvalet i Peru i fjor.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive