Uvanleg useriøst

Innlegg: At små kommunar er veldrivne, medan store kommunar er dårleg drivne, er det vanskeleg å finne støtte for. Debatten om kommunesamanslåingar vekkjer sterke kjensler, og det er ikkje uvanleg at debatten sporar litt av.

09.02.2015 - Arnt Ove Hopland


Eit innlegg av Birger Aalvik i BT 3.2. er derimot så uvanleg useriøst at det ikkje kan få stå uimotsagt. Aalvik er skeptisk til i kva grad kommunesamanslåing vil gje eit betre tenestetilbod. Det er ei ærleg sak og ein skepsis eg til ei viss grad delar. Men argumenta han kjem med, heng ikkje på greip og manglar relevans for debatten.

Aalviks første argument handlar om Terra-skandala. Eg vil audmjukt påpeike at det i all hovudsak var ganske små kommunar som valde å spele hasard med fellesskapen sine ressursar, og at relevansen til debatten om kommunesamanslåing i beste fall ikkje er openberr. Det er minst like relevant å spørje om ikkje større kommunar, med tilgang på meir kompetente byråkratar og politikarar, kanskje hadde vore i stand til å sjå galskapen i desse avtalene.

Det andre argumentet er at eit konsulentfirma i Oslo, ifølgje Aalvik, har laga ein dårleg rapport om eit vegprosjekt. Akkurat som Terra-skandala har dette heller ingen verdas ting med kommunesamanslåing å gjere. Begge dømer vert av Aalvik berre brukt for å vise at fagøkonomar ikkje kan stolast på, men berre vil spele ut sine eigne interesser. Det er ganske oppsiktsvekkjande at ein som har fortid som høgskulerektor vel å omtale fagfolk så generelt og med slik forakt. Det er òg vanskeleg å sjå kva eigne interesser fagøkonomar skulle ha av kommunesamanslåingar.

Det siste argumentet er at ein må sjå til tidlegare kommunesamanslåingar for å samle erfaring. Der er eg heilt på line med Aalvik. Det er viktig å hauste erfaring der ein kan, og lære av både gamle feil og suksessar. Idéen om at det skal gå kommunegrenser tvers gjennom Bergen by (Laksevåg kommune), verkar likevel noko pussig.

Grunntanken til Aalvik ser ut til å vere at små kommunar er veldrivne, medan store kommunar er dårleg drivne. At dette systematisk skal vere tilfelle er det vanskeleg å finne støtte for. Det er ikkje vanskeleg å finne dømer på store kommunar som er veldrivne og små kommunar som det er verre med.

Innlegget stod på trykk på bt.no 07.02.15


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive