Real Madrids mektige president

Kronikk: Det står att å sjå om Martin Ødegaard sin kontrakt blir følgd opp med ein arbeidskontrakt på ei snøggtoglinje mellom Oslo og Ski, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark.

20.02.2015 - Joahhnes Nymark


Spansk presse har den seinaste tida omtala at klubbpresidenten i Real Madrid, Florentino Pérez, kan ha nytta kjøpet av Martin Ødegaard til å fremja interessene til byggjefirmaet sitt, ACS, i samband med tildeling av byggjearbeid på ei snøggtoglinje mellom Oslo og Ski. For klubbpresidenten skal det liggja 3,1 milliardar euro i potten.

Det er ikkje første gong ein overgang til Real Madrid kan sjåast i samanheng med tildeling av byggjearbeid. I samband med overgangen til colombianske James Rodríguez fekk Florentino Pérez sitt firma tilslag på bygginga av motorvegen «Conexión Pacífico 1», eit prosjekt som til saman har ein verdi på 692 millionar euro. Og meksikanske Javier Chicharito Hernández kom til Madrid-klubben berre to veker etter at Florentino Pérez hadde signert ein kontrakt verdt 432 millionar euro for bygging av eit vassverk og modernisering av ein dieselfabrikk.

Mange slår frampå om at det ligg meir enn tilfeldige samantreff ‒ eller konspirasjonsteoriar ‒ bak desse overgangane og dei økonomiske engasjementa til ACS. Det er ei kjent sak at det i fleire år har vore store økonomiske og finansielle problem i selskapet.

I mai 2012 gjekk The New York Times så langt som til å hevda at selskapet til Florentino Pérez var «ute av kontroll», og at «problemet tilmed er meir alvorleg enn Spania si offentlege gjeld. Det heile trugar med å kasta landet ut i eit tiår med stagnasjon».

Før finanskrisa sette inn for fullt i 2008, stod selskap som ACS høgt i kurs. No er det vanleg å ta avstand frå måten dei driv på. I 2011 hadde selskapet 41,8 milliardar i lån og 9,2 milliardar i eigenkapital.

Dette er ein del av den private gjelda som har ført Spania ut i det uføret det no er i. I 2009, då bankane hadde skrudd til kranane på lån til personkundar og bedrifter, tok Florentino Pérez opp eit lån på mange titals millionar euro i Caja Madrid - ein bank som sidan gjekk konkurs og blei ein del av den nystarta Bankia, ein storbank skipa i 2011 på restane av sju bankar med likviditetsproblem.

Bankia var opphavleg ein privatbank, men blei delvis nasjonalisert av den spanske regjeringa i 2012 då den var på randa av kollaps.

«Ikkje faen om vi skal betala for Cristiano Ronaldo», var reaksjonen frå mange tilhengjarar av FC Barcelona då det blei kjent at skattepengar (76,5 millionar euro) var blitt nytta for å redda banken som hadde lånt ut pengar til størstedelen av kjøpet av spelaren. Til den konservative avisa ABC sa Florentino Pérez 2. juni 2013 lakonisk: «Regjeringa har gjort det den måtte gjera, sjølv om mange er blitt skadelidande».

Slett ikkje alle i Spania vil vera samde i ei slik vurdering. Med ei arbeidsløyse på kring 24 prosent ‒ mellom dei unge er den over dobbelt så høg ‒ har mange teke til å spørja korleis pengane blir fordelte.

Det er eit paradoks at eit av dei europeiske landa i størst økonomisk krise opererer med dei største summane for overgangar på spelarmarknaden og dei høgaste lønene for dei mest feterte fotballspelarane. Skilnadene mellom rik og fattig er enorme på den spanske fotballbørsen, slik den er elles i samfunnet.

Det er ikkje for ingenting at kapteinen på Real Madrid sitt B-lag Castilla har uttrykt at han «gjerne skulle ha tent det ein hevdar at den unge nordmannen (Ødegaard) får i løn».

Likevel ligg, rimeleg nok, ikkje Ødegaard øvst i fotballen sitt lønshierarki. Ein Cristiano Ronaldo får årleg inn 17 millionar euro på konto berre som løn, og får også ein høg prosentvis del av lukrative image-rettar han har som Real Madrid-spelar.

Han har særs utbytterike inntekter frå sponsorar som Nike, Armani, Banco Espirito Santo, Herbalife, Jacob & Co, KFC og Castrol Edge. Er det rart at fattige arbeidslause og bustadlause i Spania spør seg sjølve kor mange arbeidsplassar ein kunne skapa med lønene til dei best betalte fotballspelarane i Spania?

I byrjinga av det nye hundreåret svarte ein spansk økonom slik då eg spurde om det ikkje var urovekkjande at Real Madrid rundt år 2000 blei omtala som den mest forgjelda klubben i verda, med ei samla gjeld på rundt rekna 2,2‒2,3 milliardar norske kroner: «I Madrid ser ein det ikkje slik at klubben er i økonomisk krise. Økonomi er mykje psykologi. Om det trengst, vil det alltid finnast kapitalsterke investorar som er reie til å trå til for å redda den tradisjonsrike klubben».

Den konsulterte økonomen skulle få meir rett enn han kunne ana. Real Madrid selde i 2001 sitt Ciudad Deportiva, eit 11 hektar stort sportsområde sentralt i den spanske hovudstaden. I høve salet såg klubbpresidenten, som også den gongen heitte Florentino Pérez, på sjansane for å byggja høghus spesielt med sikte på kontor og tenesteytande sektor.

Det ville få ikkje berre bygningane, men også prisane i vêret. Hausten 2001 blei det kunngjort at Real Madrid hadde fått sitt Ciudad Deportiva godkjent for sal etter at regjeringspartiet, det høgreorienterte Partido Popular (PP), hadde pressa på for at Real Madrid skulle få litt orden att i økonomien.

Like etter blei det kunngjort at Real Madrid hadde gått opp på andreplass på lista som Deloitte & Touche hadde utarbeidd over dei rikaste klubbane i verda.

«Ein må hjelpa Real Madrid», sa José María Aznar frå PP til journalisten José María García medan han var regjeringssjef i Spania (1996- 2004). Utsegna kom etter at sjølvsame Aznar hadde vore med på å godkjenna salet av Real Madrid sitt Ciudad Deportiva.

Real Madrid sine relasjonar til det økonomiske og politiske maktapparatet har vore ein gjennomgangsmelodi heilt sidan Franco-diktaturet si tid (1939- 1975). Då var laget diktaturet sitt lag, medan til dømes FC Barcelona var laget til den demokratiske opposisjonen i Catalonia.

Real Madrid vil nok få ein del goodwill her til lands etter kjøpet av Martin Ødegaard. Det står att å sjå om Ødegaard sin kontrakt blir følgd opp med nok ein arbeidskontrakt for Real Madrid-presidenten sitt byggjeselskap - slik det har skjedd tidlegare.

Kronikken var på trykk i BT 18. februar.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive