NHH får lokale i Oslo
NHH leiger undervisings- og kontorlokale av AFF i Drammensveien 44. 
03.09.2014 - Hallvard Lyssand 
 
AFF har leigd lokale i Drammensveien 44 (D44) i Oslo sidan 2008. No får dei selskap av NHH. 
Høgskulen leiger undervisingslokale og møterom 50 dagar i året. I tillegg disponerer NHH kontorplassar i kontorfellesskap med AFF. 
Blant dei som kjem til å nytta D44 flittig er NHH Executive, og sjølv om den offisielle opninga av lokala ikkje skjer før i oktober har Executive alt teke dei i bruk. I dag (onsdag 3. september) held professor Inger G. Stensaker førelesning for MASTRA-studentar. 
Intensjonen er at også andre Oslo-arrangement i NHH-regi - til dømes NHH Alumni sine frokostmøte - skal kunna leggjast til D44. 
  
 
Funkisfasade: AFF vart leigetakarar i Drammensveien 44 frå 1. oktober 2008. No framleiger dei delar av lokala til NHH. 
 
 
NHH Executive har alt teke lokala i bruk. Onsdag føreleste professor Inger G. Stensaker for Mastra-studentar. 
 
 |