Mozart til matpakken
Dei som la lunsjen til studentkantina tysdag kunne skylja ned sjokomjølka akkompagnert av Mozart-stykke for klarinettkvintett. 
16.09.2014 - Hallvard Lyssand 
 
Fire strykarar og ein klarinettist frå Bergen Filharmoniske Orkester gav to korte konsertar i kantina i lunsjen tysdag. 
Det heile var del av konsertserien Orkesteret på byen, som igjen er del av feiringa av BFO sitt 250-årsjubileum. 
Konsertane ved NHH var blant over 100 konsertar som grupper av musikarane frå BFO skal halda ute blant folk i løpet av nokre få dagar. 
 
Lunsjen smakar litt betre når ein høgst levande og profesjonell klarinettkvintett spelar Mozart i bakgrunnen. 
 
 |