NHH campus opnar i Oslo neste veke

18. november opnar NHH campus i Oslo og samlokaliserer med AFF i nyoppussa lokale på Solli Plass.

12.11.2014 - Astri Kamsvåg


- No kjem vi over fjellet og etablerer Oslos viktigste arena for leiing og organisasjonsutvikling. Saman kan NHH og AFF tilby noko av det beste som finst innan etterutdanning i Noreg. Med denne utvidelinga vil vi gjere kunnskapen tilgjengeleg for enno fleire, seier NHH-rektor Frøystein Gjesdal.

Tema for arrangementet er innovasjon frå ein leiar sitt ståsted. Det blir faglege innlegg og paneldebatt om å organisere for innovasjon.

Bidragsytarar

- Tor Wallin Andreassen, professor og leiar for Senter for tjenesteinnovasjon (CSI) ved NHH

- Petter Ingebrigtsen, seniorkonsulent i AFF

- Hans- Petter Daae, konsernstrategi i Posten

- Hannah Cook, Executive Vice President PM Strategy & Analysis i DNB

- Beate Karlsen, avdelingsdirektør i AFF

Les nyhetssak i Paraplyen frå september 2014

Drammensveien

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive