Spår lønnsnedtur for norske flytilsette

Internasjonale fusjonar bryt ned fagforeiningane og fører til lågare lønningar for dei tilsette, viser ny forsking. Norske flytilsette går dårlegare tider i møte ifølgje professor Lars Sørgard.

12.03.2014 - Øyvind Torvund


- Fusjonar med utanlandske selskap set fagforeiningane i eit stort dilemma. Dersom dei er for tøffe i lønnsforhandlingane, veit dei at det kan ende med at arbeidsplassane forsvinn til den utanlandske avdelinga, seier professor Lars Sørgard ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Ved hjelp av data frå svært mange bedrifter i ei rekkje ulike industriar har han og tre forskarkollegaer undersøkt konsekvensane av internasjonale fusjonar.

Fagforeiningane sjakk matt

Fusjonane bidreg til at selskapa driv meir effektivt, men viktigast er det at dei òg kan spare lønnsutgifter. Ifølgje Sørgard er forklaringa at fusjonane set fagforeiningane i dei ulike landa under press.

- Fagforeiningane har i enkelte land ei sterk forhandlingsmakt, noko som har ført til at dei har sikra seg gode lønnsvilkår. Problemet er likevel at dei fleste fagforeiningane er nasjonalt organiserte, og dette utnyttar selskapet når dei fusjonerer med eit utanlandsk selskap. Fagforeiningane i dei ulike landa risikerer å bli spelte ut mot kvarandre med truslar om utflytting av arbeidsplassar dersom krava blir for store, seier Sørgard.

Som døme viser han til då Lufthansa for nokre år sidan kjøpte opp eit engelsk flyselskap. Fagforeiningane protesterte mot kjøpet og trua med streik. Det blei det til slutt ingenting av.

- Streik som middel ville berre verka mot hensikta i dette tilfellet. Det kunne gitt leiinga eit påskot for å flytte endå meir av aktiviteten til det nye selskapet i England. Det er makta som rår, og fagforeiningane risikerer rett og slett å bli sette sjakk matt, seier Sørgard.

Klarer ikkje samarbeide

Resultata viser at det er tilsette i dei sterkaste fagforeiningane som har mest å tape på internasjonale fusjonar. Studien er basert på amerikanske data, men forskaren meiner at vi ser den same tendensen her i Noreg.

- I Norge er fagforeiningane endå sterkare, så ut frå det skulle ein tru at verknadane kanskje er endå større her til lands, seier Sørgard.

Ei mogleg løysing på problemet for fagforeiningane kan vere større internasjonalt samarbeid, men det trur han ikkje kjem til å skje.

- Det har dei prøvd i lang tid, men når det kjem til stykket, så tenkjer fagforeiningane på medlemmene i sitt eige land. Det er vanskeleg å komme over dei generelle erklæringane om samarbeid.

Lønnsnedtur i Norwegian

Professoren meiner at ein vil få dei same utslaga i selskap som opprettar nye avdelingar i utlandet. Derfor meiner han at det kan gå mot dårlegare tider for norske Norwegian-tilsette.

- Dei har no fått ein base i Thailand, og i tillegg har dei fleire avdelingar i Europa. Det er heilt openbert at dette vil føre til redusert lønnsnivå. Éin ting er at det er billegare å hyre inn thailandsk mannskap, men dette legg også lønnspress på norske tilsette. At dei har ei utanlandsk avdeling, vil påverke kvar einaste lønnsforhandling framover. Selskapet får i pose og sekk, seier Sørgard.

Tidlegare i år blei det kjent at tilsette i Norwegian tener meir enn dei gjer hos konkurrenten SAS. Samfunnsøkonomen meiner at det berre er eit tidsspørsmål før dette snur.

Ifølgje han blei grunnlaget for eit lågare lønnsnivå i SAS lagt på 2000-talet, då dei omstrukturerte selskapet slik at kvart enkelt land fekk ei meir sjølvstendig produksjonseining.

- SAS fekk dermed betre høve til å setje fagforeiningane i Noreg, Sverige og Danmark opp mot kvarandre. Dei kunne plutseleg true med å flytte visse operasjonar frå eitt land til eit anna. Det same kan skje i Norwegian. Fagforeininga sin iver etter å stille krav vil minke, seier Sørgard.

Vil prioritere andre yrke

Sørgard stiller òg spørsmål ved kor mykje ressursar ein skal bruke på å halde oppe lønnsnivået i Norwegian og andre selskap som opplever konkurranse frå utanlandsk arbeidskraft.

- Vi har mangel på arbeidskraft i Noreg. Då må vi vurdere om det er nokon vits i å bevare arbeidsplassar som er dårleg lønna. Eg meiner at vi bør akseptere at det er utanlandske tilsette som ønskjer å jobbe for lågare lønningar, seier Sørgard.

Han meiner at vi heller bør konsentrere oss om andre sektorar der det er behov for norsk arbeidskraft, mellom anna i helse- og omsorgsyrka.

- I bygg- og anleggsbransjen og i hotell- og restaurantbransjen er det nærmast godteke at utlendingane har teke over. Eg ser ingen grunn til at det ikkje kan skje i luftfarten òg, seier Sørgard.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive