Nær revisjonshistorie
Korleis har globaliseringa påverka utforming, bruk og handheving av revisjonsstandardar? Dette var blant spørsmåla då professor William R. Kinney jr. held den femte utgåva av Gjesdal-førelesinga måndag.
20.05.2014 - Hallvard Lyssand
The Frøystein Gjesdal Lecture on Accounting Research vart oppretta i 2010, i samband med 60-årsdagen til professor Frøystein Gjesdal, som ei heider for bidraga hans til forsking innan rekneskap og revisjon og bidraget til å utvikla Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap.
Føresetnaden for å verta invitert til å halda førelesinga er ein har gjeve viktige bidrag til forskinga på feltet.
Professor Aasmund Eilifsen frå IRRR konstaterte at svært få oppfyller det kravet betre enn professor William R. Kinney, Jr. frå University of Texas at Austin.
Kinney kan visa til ei 50 år lang karriere som både omfattar ei rekkje sentrale forskingsartiklar og bidrag til utvikling av revisjonsstandardar.
Nettopp utvikling og endringar av revisjonsstandardar og regulering - og dermed revisors rolle - dei siste 50 åra spela ei sentral rolle i føredraget hans, som bar tittelen Global Auditing Standards and Jurisdictional Regulation: The Role of Core Concepts.
Her tok han for seg kven som utformar globale revisjonsstandardar, kven som nyttar dei, kven som handhevar dei og korleis dei har endra seg etter kvart som globaliseringa har skote fart.
Vidare såg han nærare på kva faktorar som trugar kvaliteten til revisjon globalt per i dag, og kva som kan gjerast for å minska farane.
Årets Gjesdal-førelesing vart halde i Jebsen-senteret. Blant William R. Kinney jr. sine tilhøyrarar var m.a. Frøystein Gjesdal sjølv (t.h.) og William F. Messier som er professor ved University of Nevada i Las Vegas og professor II ved IRRR.
Kva er eigentleg revisor si rolle? Er han ein vakthund for offentlegheita eller ein attestleverandør for selskapa som hyrer og betalar han? spurde Kinney mellom anna.
|