Ledig stilling som førstekonsulent
Ved Institutt for samfunnsøkonomi er det ledig 100% fast stilling som førstekonsulent. Søknadsfrist er 22. mai.
08.05.2014 - Red.
Institutt for samfunnsøkonomi er eit av NHHs største og mest internasjonaliserte institutt. Instituttet er sett saman av entusiastiske tilsette med høge ambisjonar for forsking, undervisning og formidling.
Den som vert tilsett vil delta aktivt i dagleg drift av instituttet og vere eit viktig bindeledd mellom instituttet og administrative einingar ved høgskulen. Viktige oppgåver vil vere knytt til:
- Økonomioppfølging/budsjettarbeid
- Utvikling av administrative rutinar
- Oppfølging av forskingsprosjekt
- Generell sakshandsaming
For stillinga er det eit krav om høgare utdanning tilsvarande minimum bachelorgrad. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i spesielle tilfelle oppnåast ved lang relevant og variert praksis i sakshandsaming, saman med relevant etter- og vidareutdanning.
Se hele stillingsutlysningen her
|