Styrker rammene for samhandling

Nina Skage og Frøystein Gjesdal (Arkivfoto: Helge Skodvin)

Arbeidet med å få på plass eit operasjonelt rammeverk for NHH-leiinga er i gang under fasilitering frå den nederlandske konsulenten Arri Pauw. Rektor og administrerande direktør har store forventingar til prosessen.

17.06.2014 - Hallvard Lyssand


Som del av den styrevedtekne tiltaksplanen for betring av samarbeidsrelasjonar og arbeidsmiljø ved NHH, skal ulike delar av høgskulen sin organisasjon utviklast vidare - m.a. for å bli betre rusta til å nå institusjonen sine strategiske mål.

- NHH er ein kompleks organisasjon. Den faglege verksemda vert drive i ei matrise. Institutt og programutval må samarbeida tett med administrative einingar, seier rektor Frøystein Gjesdal.

Ein del av organisasjonsutviklingsprosessen er å etablera eit operasjonelt rammeverk for leiinga ved NHH.

I praksis tyder det ei klargjering av korleis rektorat, direktør, instituttleiarar, dekanar og avdelingsleiarar skal samarbeida, og ei klargjering av kva rollar dei einskilde har.

Konsulenthjelp

NHH-leiarane skal jobba fram det operasjonelle rammeverket i fellesskap, men prosessen vert leia av ein ekstern konsulent.

Oppdraget har vore ute på anbod i heile EØS-området. Valet fall på Arri Pauw frå det nederlandske konsulentselskapet PA-AR Consulting.

- Vi har gjeve prosjektet namnet «Towards connected leadership», seier administrerande direktør Nina Skage.

- Pauw har brei erfaring med organisasjonsutvikling og har arbeidd med store multinasjonale selskap og innanfor universitetssektoren i heimlandet, seier organisasjons- og leiarutviklar Martha Lehmann-Røed ved HR-avdelinga.

- Vi har hatt eit oppstartmøte med Pauw og heile NHH-leiinga på både fagleg og administrativ side. Han er no i gang med å intervjua ein del leiarar og tilsette. Etterkvart skal leiarane samlast til arbeidsseminar, held ho fram.

- Prosessen vil altså først og fremst omfatta leiarar på ulike nivå, men andre tilsette vil også bli involvert på ulike stadium, opplyser Lehmann-Røed.

Eksternt blikk

- Kvifor er det søkt ekstern assistanse?

- NHH er inne i startfasen for implementering av ny strategi. Dette er ein arbeidsintensiv periode der det vert sett i gang svært mange prosjekt og oppgåver. Det kan også vera belastande for organisasjonen. Ein ekstern fasilitator hjelper oss ved å ta «temperaturen» på organisasjonen, og fanga opp kva som er utfordringane for leiinga i arbeidet med å få implementert strategien, seier Nina Skage.

- Vi får også tilført kapasitet i form av ein konsulent som kan via all tida si til dei organisatoriske utfordringane. I tillegg får vi med Pauw inn perspektiv frå arbeidet hans andre stader, for eksempel Universiteter i Delft, legg ho til.

På veg mot ein effektiv organisasjon

Både rektor og direktør har store forventingar til arbeidet.

- Eg trur dette blir ein interessant prosess som leier fram til ein effektiv og målretta organisasjon med gode samarbeidsrelasjonar, seier Gjesdal.

- Personleg ser eg veldig fram til dette arbeidet. Det å få på plass eit operasjonelt rammeverk er essensielt i høve til å kunna jobba effektivt og med minst mogeleg belastning på organisasjonen. Parallelt profesjonaliserer dette organisasjonen og er utviklande for leiarane ved NHH, avsluttar Skage.

Martha Lehmann-Røed koordinerer prosessen intern. Spørsmål om prosessen kan rettast til henne.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive