Gåvestilling til Torfinn Harding
Torfinn Harding er tilsett som førsteamanuensis på Institutt for samfunnsøkonomi. Statoil finansierer stillinga som ein del av forskingsavtalen med NHH.
12.02.2014 - Øyvind Torvund
Gåvestillinga er eit av tiltaka for å styrke NHH si satsing på forsking i grenseflata makroøkonomi, internasjonal økonomi og ressursøkonomi.
- På NHH er det ei sterk vilje til å utføre forsking av høg kvalitet. På instituttet er det også bra med ressursar som gjer at ein får tid og rom til å forske. Eg ynskjer å bidra til å styrke forskingsinnsatsen innan dette fagfeltet, og etter fem år i England såg eg på dette som ein bra mulegheit til å komme heim, seier 37-åringen frå Rælingen.
Fagmiljøet innan makro- og ressursøkonomi er tidlegare også styrka ved at førsteamanuensis Linda Nøstbakken i sommar vart tilsett som førsteamanuensis. Professor i petroleumsøkonomi ved Universitet i Stavanger, Klaus Mohn, har i tillegg takka ja til ei professor II-stilling.
Jobba i Sør-Sudan
Harding starta på doktorgraden sin ved institutt for samfunnsøkonomi på NTNU i Trondheim i 2004. Før det jobba han to år i SSB. Under doktorgradsperioden arbeidde han også med internasjonal handel i Verdsbanken.
I 2008 vart han tilsett som postdoktor ved Institutt for samfunnsøkonomi på University of Oxford. Frå 2011 jobba han eitt år for Finansdepartementet i Sør-Sudan . Der bidrog han med økonomiske analysar og utarbeiding av planar for korleis inntektene frå naturressursane skulle forvaltast. Frå 2012 var han tilsett som lecturer ved University of Sussex.
Harding gler seg til å komme i gang med forskinga på NHH, og seier han allereie har fleire forskingsprosjekt på gong.
- Noko av det eg forskar på er korleis utviklingsland kan tiltrekke seg direkte utanlandske investeringar. Eit av prosjekta ser på kor viktige andre ting enn geologiske forhold er for at selskap vil starte oljeaktivitet i ein stat. Det institusjonelle ser ut til å vere viktig, seier Harding.
Oljeboring i Amazonas
I eit anna prosjekt skal han sjå på samanhengen mellom avskoging og økonomisk utvikling i Brasil. Forskingsrådet støttar eit prosjekt som mellom anna skal vurdere konsekvensane av oljeboring i Amazonas.
I tillegg skal han forske på kva effektar oljeindustrien har på norsk økonomi.
- Norge er lagt merke til som oljenasjon, og for andre statar kan ein lære ganske mykje ved å studere utviklinga her, seier Harding.
|