Ny studieplan for bachelorstudiet

NHH-styret har vedteke ein ny studieplan for bachelorutdanninga. Den skal gi meir fleksibilitet og leggje betre til rette for utveksling.

22.12.2014 - Av: Astri Kamsvåg og Kristin Risvand Mo


NHH opnar for meir utveksling ved anerkjende institusjonar i utlandet. På bachelornivå blir utvekslinga lagt til 4. og 6. semester. Hovudregelen er at valfag skal tas på utveksling, mens det i 4. semester opnast for å ta obligatoriske kurs i utlandet.

- For studentane gjev dette ein meir føreseieleg situasjon. Samstundes sikrar vi ein effektiv drift av ordninga. Dette vil leggje til rette for betre gjennomstrøyming og at fleire kan ta utveksling, seier prorektor Sunniva Whittaker.

Dei som vil ta obligatoriske kurs på utveksling, kan velje blant tilboda på ein 'short-list' som er kvalitetssikra av NHH på førehand. Til no har studentane sjølv plukka kurs, og dette har ført til mykje arbeid både for studentane og administrasjonen, som har godkjent dei mange individuelle studieplanane.

Studentrepresentantane i styret støtta forslaget. Dei argumenterte for at den nye studieplanen er meir fleksibel enn dagens ordning, men at den også er føreseieleg og vil gjere det enklare å planleggje for utveksling.

Programutvalet for bachelorutdanningen (PBU) ba styret om å opne for utveksling også i 5. semester. Styret drøfta saken grundig, men valde av omsyn til kapasitet og administrasjon ikkje å gjere dette i første omgang.

Bakgrunnen for saka er at styret i september fikk presentert ein ny studieplan for bachelorstudiet. Planen er eit resultat av evalueringa av programmet.

Styret ba i september PBU om å vurdere korleis NHH kunne leggje betre til rette for internasjonalisering på bachelorstudiet.

11. desember blei ein revidert plan lagt fram for styret. Justeringane PBU har gjort er:

- Faget "Rettslære for økonomar" er flytta frå 4. til 3. semester. Grunnen er at studentane ikkje kan ta faget mens dei er på utveksling, i tillegg til at faget bør komme tidleg i studiet.

- Flyttinga av rettslæra fører til at makroøkonomi flyttast frå 5. til 4. semester.

- "Mikroøkonomi II" flyttast frå 3. til 5. semester.

- Faget "Anvendt metode" dublerast og tilbys dermed både om våren i 4. semester og om hausten i 5. semester.

På bachelorstudiet har om lag 200 NHH-studentar reist på utveksling i 2014. Høgskulen tar imot i overkant av 100 innvekslingsstudentar til bachelorstudiet frå høgskular i utlandet. Det er talet utreisande studentar som har auka mest dei siste åra.

Den nye studieplanen skal gjelde frå hausten 2015.

Les heile saksframlegget i styrepapira til styremøtet 11. desember 2014


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive