Betre tilrettelegging for utveksling på bachelorstudiet

Hovudgrepet som er gjort i forslaget til ny studieplan frå hausten 2015 å legge betre til rette for at studentane kan dra på utveksling til andre handelshøgskular i utlandet.

05.12.2014 - Astri Kamsvåg


På styremøtet 11. desember skal ein revidert versjon av studieplanen for bachelorstudiet leggast fram. Styret fekk i september presentert ein ny studieplan for bachelorstudiet som skal gjelde frå hausten 2015. Planen er eit resultat av evalueringa av programmet.

Justeringane som er gjort i denne versjonen er:

-Faget «Rettslære for økonomar» er flytta frå 4. til 3. semester. Grunnen er at studentane ikkje kan ta faget mens dei er på utveksling, i tillegg til at faget før komme tidleg i studiet.

- Flyttinga av rettslæra fører til at makroøkonomi flyttast frå 5. til 4. semester
- Mikroøkonomi II flyttast frå 3. til 5. semester.
- Faget «Anvendt metode» dublerast og tilbys dermed både om våren i 4. semester og om hausten i 5. semester.

Om lag 200 NHH-studentar har reist på utveksling i 2014. Høgskulen tar imot i overkant av 100 innvekslingsstudentar frå høgskular i utlandet. Det er talet utreisande studentar som har auka mest dei siste åra.

Les kva andre saker som skal opp på møtet

Les heile saksframlegget i styrepapira


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive