Meir enn ein fotballklubb

Mas que un club (Foto: Cecilie Boge)

Kronikk: Barça utdannar spelarar som veit å utnytta sin individuelle kreativitet til beste for kollektivet, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon i ein kronikk publisert i Klassekampen 10. januar 2011.

11.01.2011 - Johannes Nymark (Foto: Cecilie Boge)


Først ei vedkjenning: Eg har sidan 1971 vore lidenskapleg tilhengjar av FC Barcelona, eller Barça, som er kjælenamnet til fotballklubben. Eg har såleis hatt gode stunder når klubben no i haust har slått både Sevilla, Real Madrid og Real Sociedad med 5-0, og dessutan byrival Espanyol med 5-1. Ei handfull kallar ein det i Barcelona når eit lag skårar fem gonger på motstandaren, noko som nærast er blitt ei vane for det katalanske storlaget i haust, tilmed mot dei beste laga.

At Andrés Iniesta, Lionel Messi og Xavi Hernández er dei tre som er kåra til årets spelar og til Gullballen for 2010, er ein gigantisk siger for det fotballkonseptet ein har utvikla i FC Barcelona. Ikkje berre spelar dei alle tre på dagens A-lag i Barça, dei er alle tre flaska opp i laget sitt fotballakademi, La Masia, der dei har lært å bli gode fotballspelarar, men framom alt gode menneske.

I utgangspunktet kjøper ikkje Barcelona seg til suksess, dei utdannar menneske som verkar med respekt andsynes kvarandre og motstandarane på og utanfor fotballbana, og fotballspelarar som veit å utnytta sin individuelle kreativitet til beste for kollektivet, laget.

Barça sin fotballfilosofi er ganske enkel: Det er lite truleg at motstandaren lagar mål så lenge ein sjølv har ballen, og jo meir ein sjølv innehar ballen, jo større er sjansane for å vinna ein kamp.

Her er det sjølvsagt snakk om det sannsynlege, for noko av det sikraste i denne verda er at verda er usikker. Kontringsfotball er basert på at motstandaren ein augneblink misser konsentrasjonen og ballen, men mot Barça er oppgåva vanskeleg, for når spelarane på dette laget er i form, er det få som overgår dei i intensitet for å vinna ballen tilbake. For ein Barça-spelar er fostra opp med ideen om at ein skal ha det gøy når ein spelar fotball, og gjera seg nytte av mennesket si kreative side. Spelarane på eit lag som har ballen lite, har ein tendens til å keia seg og er dessutan mest oppteken av det destruktive.

Det er allment akseptert mellom psykologar at det destruktive i liten grad bidreg til sjølvtilliten og sjølvrespekten, for det er mykje lettare å øydeleggja enn å skapa.Teknikk i ein lagidrett - som i eit symfoniorkester - er tufta på automatikk i det ein gjer. Men i fotballen - til skilnad frå symfoniorkesteret - må automatikken setjast i kreativiteten og overraskinga si teneste. I fotballen finst det heile tida eit utal av alternativ, noko som gjer fotballen kompleks, usikker og uføreseieleg. Ein spelar som heile tida nyttar den same finta, eller eit lag som spelar likt frå kamp til kamp, er det lett å ta førehaldsreglar mot, det same gjeld for eit lag som til dømes har Flo-pasninga som sitt viktigaste angrepsvåpen. Det ville vera som eit orkester som heile tida spelte den same nota.

Lionel Messi er ein spelar som av somme motstandarar er blitt omtala som ei evig kjelde til overraskingar, for ein veit aldri kva han fi nn på når han får ballen.

Sergio Busquets er derimot ein meister i å tolka motstandaren sitt spel, og kjem på eit vis med løysingar på problem som enno ikkje har fått presentera seg.

Xavi Hernández er generalen på midtbanen som dei fleste ballar er innom og som fordeler dei på ofte uventa vis.

Og Andrés Iniesta er, saman med Messi, kunstnaren på dei små flatene, teknikaren som kjem seg ut or dei mest vridne situasjonane med ballen i beina.

Når slike spelarar får verka saman, er det ikkje opplagt at det vil bli suksess. Det blir det i Barcelona fordi dei nemnde spelarane har år bak seg i La Masia. Frå miniputtar til førstelag er det dei same fotballmessige prinsippa som gjeld: spelesystem, hurtige kombinasjonar, finslepen teknikk, terping på mottak og på tilslag, og overraskande gjennombrot.

Og viktigast av alt: Det kreative talentet skal nyttast i kollektivet si teneste.

«Gjer ting skikkeleg - og du vil vinna på det». Barça har levd etter dette slagordet i vel to tiår, heilt sidan hollendaren Johan Cruyff tok over trenaransvaret i klubben i 1988. Johan Cruyff er på mange måtar sjølve ideologen bak Barça si suksesshistorie den seinaste tida.

Men Cruyff sit sjølv på ryggen til Rinus Michels, mannen bak Ajax sine merittar med totalfotballen på 1960-talet og sidan trenar både for FC Barcelona og for det hollandske landslaget då dei spelte seg fram til VM-finale i 1974, som dei tapte, og til EM-finale i 1988, som dei vann. Og i Barça går det ein raud tråd frå Cruyff til dagens trenar, Josep Pep Guardiola, ein av tre kandidatar til årets trenar 2010 saman med José Mourinho og den spanske landslagstrenaren Vicente Del Bosque.

Pep Guardiola er sjølve symbolet på Barça dei seinaste tiåra. Som ein av dei aller første som blei fostra opp i La Masia, blei han hjartet i det dream team som Johan Cruyff trena i åra 1988-1996 og som mellom anna sikra klubben sitt første europa-cuptrofé (1992). Gerard Piqué, forsvararen som etter eit opphald i Manchester United, kom attende til FC Barcelona, der han starta, seier det slik:

«Mykje av det Guardiola no ber oss om å Barça gjera, høyrde eg alt som liten. Det same er tilfellet med Messi, Iniesta, Puyol, Xavi. Strategien og filosofi en har vi fått inn sidan dei aller første treningane i La Masia. Og Guardiola er sjølv lært opp med det same fotballspråket og med den same utdanninga».

Er Guardiola prototypen på varemerket FC Barcelona, med den stadige insisteringa på den gode fotballen, så er symbolet på dagens Real Madrid, Florentino Pérez, denne 63 år gamle næringslivsleiaren som no er inne i sin andre periode som president i «Det kvite huset» i Madrid.

I den første perioden sin i Real Madrid (2000-2006) fekk Florentino Pérez tilnamnet Kong Midas for sin strategi, som gjekk ut på å kjøpa seg til suksess, og han blei også skulda for i ekstrem grad å utnytta sine politiske kontaktar. Mannen har sjølv ei fortid som politikar, og han stilte tilmed som presidentkandidat for det høgreorienterte PRD (Partido Reformista Democrático) i 1986.

Det er ikkje det at Real Madrid ikkje har tilsig av gode ungdommar til sine gute- og juniorlag, for dei seinaste åra har dei fleire trofé i desse årgangane å visa til. Problemet er at dei unge spelarane frå eigen juniorstall til vanleg ikkje får sjansen på A-laget, heilt i motsetnad til situasjonen i Barça. Dei stolar tydelegvis ikkje på eigne talent og eigne krefter. Det er ikkje så lite av eit tankekors at Real Madrid sin strategi - som i første rekkje har vore mynta på lettente pengar og kortsiktig gevinst - er blitt framstilt på mange høgre økonomiutdanningar som eit kroneksempel på god merkevarebygging.

Det er ikkje lett å samordna dei to identitetane som kjempar om plassen i alle kollektiv: den individuelle og den som gjer individa til eit lag, eit kollektiv. I dagens fotball er eitt av dei viktigaste kjenneteikna ved Barça at ein maktar å harmonisera kollektivet ved å spela på dei sterke sidene hjå dei ulike aktørane.

Farane er fleire: Anten klarer ein ikkje å sameina store talent til eit godt lag - ofte på grunn av store ego - eller det kan henda at individa føler seg knebla under ei leiing som vil ha spelarane inn i roller dei ikkje kjenner seg vel i. Dei aller fleste viser til sosialiseringsinstitusjonen La Masia for å forklara Barça sine framgangar på dette området.

Men Barça sin identitet er ikkje berre bygd opp rundt samhandling i sjølve fotballspelet. 17. januar 1968 uttrykte Narcís de Carreras - den gongen president i FC Barcelona - det som sidan skulle bli eit slagord ikkje berre for fotballklubben, men for heile den katalanske fridomsrørsla:

«Barça - meir enn ein klubb». «El Barça - mès que un club» fengde som eld i tørt gras og på rekordtid blei det eit samlande slagord for den katalanske identitets- og fridomslengten i ei tid då diktatoren Francisco Franco heldt nede alle regionale rørsler i sin einsidige kampanje for eit einskapleg og samla Spania.

Og det er meir: Fram til desember 2010 var Barça eit unnatak med omsyn til draktreklame. Frå hausten 2006 har Barça hatt det humanitære som eit varemerke. Før 2006 hadde ikkje Barça hatt draktsponsor, men det året skreiv klubben under ein kontrakt med FN sitt barnefond, UNICEF, som innebar at klubben sidan har hatt UNICEF som draktreklame.

Men i staden for å ta betalt for reklamen, forplikta FC Barcelona seg til å gi UNICEF rundt rekna 2 millionar euro årleg, pengar som har finansiert humanitære prosjekt innan FN sitt barnefond.

13. desember 2010 blei ein vond dag for oss fotballromantikarar som held med Barça. Den dagen braut FC Barcelona sin 111 år lange tradisjon utan sponsor i eigentleg forstand og skreiv under ein kontrakt med Qatar Foundation, som i prinsippet er ein frivillig organisasjon (NGO), men som reelt sett høyrer inn under regjeringa i Qatar sitt interesse- og ansvarsområde. Ut frå kontrakten innkasserer FC Barcelona 165-170 millionar euro over ein periode på fem år mot at Qatar Foundation får draktreklame.

Velkommen til dagens realitetar, vil somme seia. For i eit samfunn der statar, næringsliv, kulturinstitusjonar og sportsklubbar har kontaktar og nært samkvem med diktatur og korrupte politikarar og næringslivsleiarar en masse, kan ein vanskeleg skulda Barça for å ha kontakt med ein institusjon, eit land og med einskildpersonar som har meir enn tvilsame haldningar til dømes til holocaust.

For oss ihuga Barçatilhengjarar er det likevel eit faktum som er vanskeleg å svelgja. Johan Cruyff har uttalt at klubben ikkje lenger er «meir enn ein klubb, men meir som andre klubbar».

Vi får seia som Pierre Brochand i det franske Utanriksdepartementet sa det i 1998: «Gjennom fotballen blir dei klassane som er ikkje-leiande i samfunnet, i realiteten vande til den villaste forma for kapitalisme».

Gullballen 2010

■ Gullballen er ein premie skipa i 1956 av det franske tidsskriftet France Football. Første vinnar var engelske Stanley Matthews. Førre vinnar (2009) var Lionel Messi.

■ I 2010 vart Gullballen og FIFA World Player slått saman, og heiteri dag offisielt «FIFA Ballon d'Or».

■ Prisutdelinga er basert på stemmer frå trenarar og kapteinar for landslag, samt fotballjournalistar frå heile verda.

■ Alle tre kandidatane til prisen for 2010 kom frå FC Barcelona. Lionel Messi vann for andre gong.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive