Vakker fotball

Kronikk: Det kan bli minneverdig: Verdsfinalen i VM for klubblag i morgon blir eit oppgjer mellom Messi, Xavi og Iniesta sitt Barcelona og dagens Santos, med Neymar som den fremste arvingen til Pele, skriv Johannes Nymark i Bergens Tidende 17. desember 2011.

17.12.2011 - Johannes Nymark


«Det viktige er ikkje å spela fotball for å vinna, men for å bli hugsa». Denne antidrilloske setninga er blitt tillagt både nyss avlidne Socrates Brasileiro Sampaio og trenaren hans på det brasilianske landslaget på 1980-talet, Tele Santana.

Og ein ting kan vi einast om, vi som var på fotball-VM i Spania i 1982: Dei gode minna frå den meisterskapen er i første rekkje knytte til det leikande, spektakulære og teknisk eminente Brasil.

Vi gret då dei brasilianske virtuosane blei slegne ut i mellomgruppespelet av italiensk gråstein i det somme kallar Sarria-tragedien, etter det stadion i Barcelona der kampen blei spela. For mange av oss var det ikkje anna enn rett og rimeleg at Sarria-stadion blei riven ein del år etter.

Maskinmessige tyskere
Brasil anno 1982 har gått inn i historia som eitt av tre landslag som har vekt glødande entusiasme utan å ha vunne nokon som helst meisterskap. Dei to andre er Ungarn i 1954 og Holland i 1974.

Begge gongene var det eit maskinmessig, systematisk og godt organisert Vest-Tyskland som nedkjempa dei ugløymelege artistane på motsett banehalvdel.

I Sveits-VM i 1954 hadde ungararane med Puskas og Hidegkuti i spissen knust Vest-Tyskland 8 - 3 i innleiande runde, noko som ikkje hindra det vesttyske fotballmaskineriet i å mala over finalemotstandaren 3 - 2 i sjølve finalen.

Artistane kan vinna òg
Det lèt seg sjølvsagt gjera å kombinera dei to: å spela minneverdig fotball og samstundes vinna fotballkampar. To av dei laga som har klart dette kunststykket møtest no i verdsfinalen for klubblag, nemleg FC Barcelona og Santos FC.

Mange er dei som hevdar at den beste Pele ikkje er versjonen frå VM i Sverige i 1958 eller den frå Mexico-VM i 1970, men Pele slik han stod fram i fotballklubben Santos, spesielt i perioden 1958 - 1967.

Det var forresten ikkje berre Pele som gav sitt bidrag til den estetiske, artistiske og tekniske fotballen til Santos i desse åra: Pepe, Zito, Coutinho og Dorval er mellom dei som høyrer med i dette artistgalleriet.

Den vakraste fotballen
Då trenaren til verdsmeistrane frå Argentina i 1978, Cesar Luis Menotti, fekk spørsmål om dagens Barcelona er det beste fotballaget nokosinne, svarte han: «Eg veit ikkje om Barcelona under Guardiola er det beste laget i historia, jamvel om eg trur det er det når det gjeld vakker fotball. Det kan berre samanliknast med Pele sitt Santos».

Mange meiner at Santos med Pele på laget var det største av alle dei store fotballaga i det 20. hundreåret. Betre enn det Real Madrid som vann fem europacupar på rappen i åra 1956-1960, og betre enn det Milan som storspelte rundt 1990, under leiing av Arrigo Sacchi.

Dette står det likevel strid om mellom dei fotballærde, først og fremst mellom eurosentristane, som har problem med å innsjå at dei verkeleg store laga kan ha heimstad i andre delar av verda enn det dominerande Europa.

Med hug til leiken
Santos FC blei prototypen på den brasilianske måten å spela fotball på, med ballen i beina, rytme i spelet, offensiv innstilling og hug til leiken framfor taktiske omsyn og rigide system. Men Santos blei så mykje meir enn dette.

Kong Fotball, Pele, forvandla laget frå å vera det lokale favorittlaget i utkanten av delstaten Sao Paulo til å bli ein gigant på verdsbasis.

Og Santos makta å kombinera spektakulært spel med imponerande resultat. I verdsfinalen i Interkontinentalcupen i 1962 stilte Benfica på motsett banehalvdel. I heimekampen vann Santos 3 - 2 på det enorme Maracana stadion i Rio de Janeiro, og portugisarane augna håp om revansje i returoppgjeret.

Men på Estadio Da Luz i Lisboa slo Santos ut i full blomstring og vann 5 - 3 i eit fyrverkeri av ein kamp. Det var ingen tvil, og France Football slo fast: «Brasil har også det beste klubblaget i verda».

Med støtte frå Mandela
Santos FC fekk mykje å seia ikkje berre i Brasil, og ikkje berre innanfor idretten fotball. I Afrika og Asia kom ein til å sjå på brasiliansk fotballspel som ein modell, noko turneane til Santos, «Pele Futebol Clube», til desse to kontinenta, var ei sterkt medverkande årsak til.

Politiske leiarar i afrikanske og asiatiske land mellom dei Nelson Mandela har tilmed hevda at populariteten til Pele og Santos FC inspirerte frigjeringsrørsler ved å visa at det går an for folka i sør å ta opp kampen mot landa i nord og tilmed vinna.

Ein slik politisert bruk av fotballen gjeld i høgste grad også for FC Barcelona, som representant for ein nasjonalt orientert katalansk ideologi der motsetnaden til det sentralistiske Madrid har vore og er ein kulturell og politisk identitetsmarkør.

Der Real Madrid har vore assosiert med det storspanske, sentraliserte maktapparatet, har FC Barcelona vore forbunde med det motkulturelle, spesielt på slutten av diktaturet til generalíssimo Franco (1939-1975).

Rom for individuell magi
Innan fotballen fungerer Barcelona som ein motkulturell antitese til dagens mantra om siger for kva pris det måtte vera. «Det du gjer, gjer det godt, så vil du vinna», er slagordet som går att gjennom heile Barcelona sin organisasjon, frå miniputtar til førstelag.

Ein respekterer sjølvsagt at det er viktig å ha ein strategi, ikkje først og fremst for at spelarane skal ha sin faste posisjon på bana, men for å skapa frie rom der den individuelle magien kan verka.

Når andre lag satsar på kraft, fart, innøvde trekk og høge spelarar, er Barcelona sitt spel ein høgsong til teknikken, presisjonen, det uventa trekket og spel langs bakken.

Med sin filosofi syner Barcelona at dei små kan bli dei største, og med utgangspunkt i eige fotballakademi har dei fått dei beste spelarane i verda til å verka til beste for kollektivet.

Spelar fritt og utvunge
I motsetnad til mange andre europeiske storlag, som ikkje stolar på eigen avl, men tyr til import av stjerner frå ulike delar av verda, stjerner som tar med seg ikkje berre sin fotballkompetanse men òg sine stjernenykker.

«Det er svært vanskeleg å gjera det Barcelona gjer. Å spela godt er ikkje berre å senda ballen frå den eine til den andre. Ein må forsvara seg godt og finna likevekta i laget. Der har vore lag som kan henda ville ha slått Barcelona, men å spela slik dette laget gjer, med ein sånn krea-tivitet, så fritt og utvunge… Dei spelar som på løkka, dei fører ballen heilt utan hysteri…». Slik heldt Cesar Luis Menotti fram i det før omtala intervjuet.

Verdsfinalen i år blir eit oppgjer mellom Messi, Xavi og Iniesta sitt Barcelona og dagens Santos, med Neymar som den fremste arvingen til Pele. Kan henda får vi sjå eit Santos på veg attende til stordomen frå tidlegare tider. Det kan borga for minneverdig fotball på søndag.

FAKTA:
Offisielt namn FIFA Club World Cup, på norsk kalla verdsmeisterskapen for fotballklubbar.
Årleg fotballturnering for herrar med dei beste klubblaga frå kvart kontinent.
I år går det føre seg i Yokohama, nær Tokyo i Japan.
FC Barcelona og Santos FC møtest i finalen sundag 18. desember.

Red. anm:

28. desember 2011 trykte Bergens Tidende innlegget "Takk, Johannes Nymark" av Jorge Chavarria fra Øygarden.

Her rettar han stor takksemd til Johannes Nymark for dei mange innsiktsfulle og engasjerande kronikkane sine. Chavarria skriv mellom anna:

I en årrekke har jeg lest Johannes Nymark, førsteamanuensis i spansk, NHH, sine kronikker. Den siste leste jeg i BT lørdag 17. desember 2011, og denne dreier seg om vakker fotball og litt mer.

Når alle sportsnyhetene med god grunn fokuserer på VM-håndball i Brasil, minner Nymark oss på «vakker fotball», nemlig finalen mellom Barcelona FC, mester i Europa vs. Santos FC, mester fra «Copa Libertadores de América».

[....]

I sine kronikker gir han oss søramerikanere en påminnelse om at det finnes så mange grunner til å være stolt av dette spennende kontinentet. Samtidig gir Nymark meg noe jeg vil kalle et «pusterom» hverdagen for en søramerikaner i Skandinavia. Nymark gir meg rett og slett hukommelsen tilbake!

Fra artiklene hans får jeg masse fakta og ledetråder som forsterker min identitet. Jeg får dessuten lyst til formidle dette videre til mine barn og ellers argumentere og diskutere til lunsj med kollegaer når mulighetene byr seg.

Det spesielle medartiklene hans er at de er nyanserte, godt dokumenterte og viser sammenhenger mellom sosiale, økonomiske og politiske arenaer.

[....]


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive