Kreutzer talar til NHH-studentane

Måndag 16. august vert opninga av det nye studieåret ved NHH markert med immatrikuleringsseremoni. Talen til studentane vert i år halde av konsernsjef i Storebrand ASA, Idar Kreutzer.

12.08.2010 - Redaksjonen


Kreutzer er NHH-alumni og leiar av høgskulen sin næringslivskomité i samband med 75-årsjubileet i 2011.

På programmet står også musikkinnslag og talar frå rektor og leiaren av studentforeininga.

Alle dei nye studentane vert dessutan ønskt velkomne med handtrykk frå rektor eller prorektor. Det vert utdeling av NHH sin pris for framragande lærarinnsats og tildeling av doktorgradsdiplom.

Totalt vert nær 1100 nye studentar immatrikulerte ved NHH i løpet av neste veke, fordelt på følgjande arrangement:

Måndag 16.august
Immatrikulering av bachelor og masterstudentar
Tid og stad: Aulaen NHH, kl 11.00

Tysdag 17. august
Immatrikulering av studentar på dei engelskspråklege masterprofilane International Business og Energy, Natural Resources and the Environment.
Tid og stad: Stupet, NHH kl. 12.30

Onsdag 18. august
Immatrikulering av masterstudentar i rekneskap og revisjon
Tid og stad: Aud. Dag Coward, kl. 10.00

Fredag 20. august
Immatrikulering av utvekslingsstudentar
Tid og stad: Personalkantina, kl. 12.00

Meir informasjon om årets opptak ved NHH
http://paraplyen.nhh.no/paraplyen/pressemeldinger/pressemeld1/

Presse er velkommen til alle arrangementa.

Meir informasjon:

Informasjonssjef Asle Haukaas, 55 95 92 18/920 80 877, e-post: asle.haukaas@nhh.no
Mediekontakt: Kristin Risvand Mo tlf. 55 95 9661/ 915 99 661, e-post: kristin.mo@nhh.no


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive